Nytt
Her er båten til den rikaste på New Zealand
Eigarane Robyn og Graeme Hart frå Auckland i New Zealand var på plass då Kleven Verft laurdag sjøsette superyachten på 107 meter.
31.07.2015
Graeme Hart er rekna som den rikaste personen i New Zealand, og på Forbes si liste over verdas rikaste var Hart i 2014 rangert som den 191. rikaste personen i verda.
Formuen er utrekna til å vere på rundt 33 milliardar kroner.
Det var dermed storfint besøk på Kleven laurdag då Hart med følgje deltok under sjøsettinga. Hart kom fredag med privatfly til Vigra, og brukte laurdagen til å gjere seg kjend med det 107 meter lange spesialfartøyet.
- Dette er eit svært spennande prosjekt for oss.
– Vi har vore rundt på verftet og ombord i fartøyet, og eg er svært godt fornøgd med Kleven Verft og det arbeidet som har blitt gjort her så langt.
Det 107 meter lange spesialfartøyet er luksuriøst men samtidig svært robust og sjødyktig. Det er designa av Marin Teknikk i Herøy, og er særs godt eigna for lengre ekspedisjonar i tøffe farvatn.
- Vi har utvikla og bygd mange fartøy i samarbeid med Marin Teknikk, og dette prosjektet stadfestar at utvikling og nytenking har gode kår når partane kjenner kvarandre så godt som vi gjer.
- Vi har også fått ein svært god relasjon til kunden etter å ha arbeidd saman om dette prosjektet i halvtanna år. Prosjektet viser at vi også kan levere innan denne heilt spesielle marknaden. Det er spennande tider, seier Ståle Rasmussen.
Fartøyet vil få namnet ‘Ulysses’ når det vert overlevert på våren 2015.
Graeme Hart har gjort seg rik på å kjøpe opp selskap som har vore lite verdsett, og gjennomført omfattande kostnadskutt og omstruktureringar gjennom typiske PE-løp (private equity). Siste åra har han kjøpt opp fleire selskap innanfor papirindustrien på New Zealand, og tatt store strukturelle grep.
Men Hart starta sjølv på berr bakke. Han slutta på skulen som 16-åringen, og livnærte seg i starten som lastebilsjåfør og bilopprettar, før han gjorde sine første investeringar.
Formuen er utrekna til å vere på rundt 33 milliardar kroner.
Det var dermed storfint besøk på Kleven laurdag då Hart med følgje deltok under sjøsettinga. Hart kom fredag med privatfly til Vigra, og brukte laurdagen til å gjere seg kjend med det 107 meter lange spesialfartøyet.
Godt fornøgd
Hart er også kjend for å vere svært tilbakehalden med kommentarar til media, og det finst få intervju med han. Men i ei pressemelding frå Kleven seier Hart følgjande:- Dette er eit svært spennande prosjekt for oss.
– Vi har vore rundt på verftet og ombord i fartøyet, og eg er svært godt fornøgd med Kleven Verft og det arbeidet som har blitt gjort her så langt.
Det 107 meter lange spesialfartøyet er luksuriøst men samtidig svært robust og sjødyktig. Det er designa av Marin Teknikk i Herøy, og er særs godt eigna for lengre ekspedisjonar i tøffe farvatn.
Godt lagspel
Konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen, trekkjer også fram det nære og gode samarbeidet som har prega prosjektet:- Vi har utvikla og bygd mange fartøy i samarbeid med Marin Teknikk, og dette prosjektet stadfestar at utvikling og nytenking har gode kår når partane kjenner kvarandre så godt som vi gjer.
- Vi har også fått ein svært god relasjon til kunden etter å ha arbeidd saman om dette prosjektet i halvtanna år. Prosjektet viser at vi også kan levere innan denne heilt spesielle marknaden. Det er spennande tider, seier Ståle Rasmussen.
Fartøyet vil få namnet ‘Ulysses’ når det vert overlevert på våren 2015.
Graeme Hart har gjort seg rik på å kjøpe opp selskap som har vore lite verdsett, og gjennomført omfattande kostnadskutt og omstruktureringar gjennom typiske PE-løp (private equity). Siste åra har han kjøpt opp fleire selskap innanfor papirindustrien på New Zealand, og tatt store strukturelle grep.
Men Hart starta sjølv på berr bakke. Han slutta på skulen som 16-åringen, og livnærte seg i starten som lastebilsjåfør og bilopprettar, før han gjorde sine første investeringar.
Dette er eit svært spennande prosjekt for oss
Publisert: 31.07.2015 11:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37