Her er dei nye krisepakkane
BLAR OPP: Finansminister Jan Tore Sanner auka oljepengebruken for å dempe skadeverknaden av koronakrisa.
Nytt

Her er dei nye krisepakkane

Regjeringa utvidar og forlengjer støttetiltak under koronakrisa. 

29.01.2021
NPK-NTB: Oljepengebruken i statsbudsjettet vil auke med 18,6 milliardar kroner som følgje av dei nye krisetiltaka regjeringa foreslår.
Dermed ligg det an til ein oljepengebruk i 2021 på 363,2 milliardar kroner, dersom forslaget blir vedteke. Uttaket i prosent frå oljefondet blir på 3,3 prosent.
I det opphavlege forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i oktober, var oljepengebruken sett til drygt 313 milliardar kroner, men etter behandlinga i Stortinget hadde summen auka til 344,6 milliardar kroner. No blir altså uttaket auka ytterlegare.

Her er tiltaka og kva dei kostar


* Forlenging av kompensasjonsordninga for føretak med stort omsetningsfall ut juni (4 milliardar kroner)
* Auka tilskot til kommunar for å kompensere lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltaka. Midlane vil òg kunne bli nytta som ei ventilordning for bedrifter som heilt eller delvis fell utanfor den generelle kompensasjonsordninga (1 milliard)
* Forlenging av omstillingsordninga for event- og reiselivsnæringa ut juni (1 milliard)
* Forlenging av støtteordninga for store publikumsopne arrangement ut juni (260 millionar kroner)
* Forlenging av stimulerings- og kompensasjonsordningane for kultur, frivillige og idrett til 1. september (650 millionar kroner)
* Tilskot til Avinor for første halvår 2021 (2,75 milliardar kroner)
* Målretta tiltak for studentar for å motverke fråfall og forseinkingar i studiane (1,1 milliard)
* Nye og utvida sommarskuletilbod sommaren 2021 for å bidra til at barn og unge tek igjen tapt progresjon (500 millionar kroner)
* Styrkt innsats overfor langtidsledige og permitterte (1,1 milliard)
* Auka innovasjonstilskot under Innovasjon Noreg (500 millionar kroner)
* Mellombelse reglar for sjukepengar til arbeidstakarar, frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande ved koronarelatert fråvær blir forlengde ut juni (660 millionar kroner)
* Perioden med arbeidsavklaringspengar som arbeidssøkjar blir forlengd ut juni (130 millionar kroner)
* Karantenehotellordninga ved grenseovergangar blir forlengd med redusert eigendel for arbeidsreisande. Kostnaden er anslått til 460 millionar kroner og tek høgd for mogleg varigheit ut juni 2020. Det blir òg foreslått middel til auka grensekontroll og innføring av eit digitalt innreisesystem.
* Målretta integreringstiltak som norskopplæring, introduksjonsprogram og informasjonstiltak retta mot innvandrargrupper (320 millionar kroner)
* Det blir foreslått mellombelse endringar i kravet til minsteinntekt og minste arbeidstidsreduksjon i dagpengeordninga. Kostnaden blir anslått til 240 mill. kroner.
* Kompensasjonsordninga for utgiftene til arbeidsgivarar knytt til innreisekarantene for utanlandsk arbeidskraft blir forlengde ut april (240 millionar kroner).
* Testing ved karantenehotell og grenseovergangar (203 millionar kroner)
* Nasjonalt telefonsenter som skal hjelpe kommunane med innreiseregistrering (75 millionar kroner)
* Forlenging av den mellombelse ordninga for utsetjing av skatte- og avgiftsinnbetalingar ut juni, med unntak av meirverdiavgiftskrav som forfell etter 12. april (200 millionar kroner)
* Fleksible utdanningstilbod i fagskular, høgskular og universitet (140 millionar kroner)
* Tiltak retta mot lærlingar våren 2021 (100 millionar kroner)
* Kjøp av persontransport med tog, for å ta høgd for reduserte billettinntekter som følgje av smitteverntiltaka (100 millionar kroner)

Publisert: 29.01.2021 12:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13