- Hos oss går det heilt greitt. Vi kavar på kvar dag, seier dagleg leiar Gunnar Berge ved Stranda Stålindustri.
Stranda-selskapet omsette i fjor for 26,8 millionar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 2,4 millionar (sjå tabell).
- Vi er godt fornøgde med fjoråret, sjølv om vi merkar at det er aukande prispress, seier Berge.
Totalt er det elleve tilsette.
Berge seier at det ikkje har vore permitteringar på grunn av korona.
- Nei, vi har hatt jamnt bra med arbeid heile tida.
- Vi er fleksible, og hiv oss fort rundt. Det har vi igjen for i dagens situasjon.
- Vi kan utføre det meste innanfor stålprodukt, seier Berge.
Han er spent på kva konsekvensar koronapandemien får for næringslivet i regionen.
- For vår del har vi ikkje merka nokon nedgang, men vi arbeider med korte tidshorisontar, slik at også vi er usikre på korleis det ser ut lenger framme.
- Men så langt ser det greitt ut.
Stranda Stålindustri er eigd 35 prosent kvar av Gunnar og Martin Berge, medan Bjørnar Engeset eig 30 prosent.
Stranda-selskapet omsette i fjor for 26,8 millionar kroner, og sat att med eit resultat før skatt på 2,4 millionar (sjå tabell).
- Vi er godt fornøgde med fjoråret, sjølv om vi merkar at det er aukande prispress, seier Berge.
Ingen koronapermitterte
Bedrifta vart etablert i 1997 og vi er lokalisert i Svemorka Industriområde. Her disponerer selskapet rundt 1800 kvadratmeter moderne produksjonslokaler.Totalt er det elleve tilsette.
Berge seier at det ikkje har vore permitteringar på grunn av korona.
- Nei, vi har hatt jamnt bra med arbeid heile tida.
- Vi er fleksible, og hiv oss fort rundt. Det har vi igjen for i dagens situasjon.
Korte tidshorisontar
Bedrifta har hatt mange oppdrag til bedrifter som Norsk sjømat, Orkla Foods og Optimar, men har også spesialprodukt som vinreolar og bålpanner.- Vi kan utføre det meste innanfor stålprodukt, seier Berge.
Han er spent på kva konsekvensar koronapandemien får for næringslivet i regionen.
- For vår del har vi ikkje merka nokon nedgang, men vi arbeider med korte tidshorisontar, slik at også vi er usikre på korleis det ser ut lenger framme.
- Men så langt ser det greitt ut.
Stranda Stålindustri er eigd 35 prosent kvar av Gunnar og Martin Berge, medan Bjørnar Engeset eig 30 prosent.
Vi er fleksible, og hiv oss fort rundt. Det har vi igjen for i dagens situasjon
Publisert: 11.05.2020 17:38
Sist oppdatert: 02.06.2021 12:46