Her er det stor optimisme
HADDAL: Konsernsjef Harald Sætre ser lyst på framtida etter at eigarane av Ulstein Betongindustri har satsa stort på å byggje ut bedrifta. Her arbeidet med to oppdrettsflåter i bakgrunnen.
Nytt

Her er det stor optimisme

Haddal-bedrifta har 100 personar i arbeid og styrer mot eit godt 2019-resultat.

14.11.2019
- Det ser bra ut. Vi når truleg 160-170 millionar kroner i omsetning og eit rekordstort overskot.
Det seier konsernsjef Harald Sætre i Ulstein Betongindustri.
Siste åra har eigarane satsa over 100 millionar i ny dokk, ny kai, nytt kontorbygg og eigedom.
- Det har vore ei skikkeleg offensiv satsing, som vi framover skal «hauste fruktene av», seier Sætre.

Ny tørrdokk

Bedrifta har 77 eigne tilsette, og har på det jamne vel 20 innleigde, i hovudsak elektrikarar og rørleggjarar til ferdiggjering av fôrflåtene som selskapet har spesialisert seg på.

Men veksten framover trur Sætre kjem innanfor andre flytande betongkonstruksjonar, etter at selskapet i år har brukt 40 millionar kroner på bygging av ei ny tørrdokk.
- Vi reknar på masse ulike prosjekt, og reknar med at det snart vert større kontraktar.
Nyedokka er 60 meter lang og 13 meter brei, og er spesialbygd for å byggje flytekaier og flytemoloar i betong.
- For den del kan vi byggje ut flytande bydelar, seier Sætre.

Kjøpte Standal knuseverk

I tillegg har selskapet ei 95 meter lang og vel 21 meter brei tørrdokk. Der er skroga til to nye fôringsflåter til oppdrettsnæringa under arbeid, der Ulstein Betong Marine byggjer flåtene for Marine Construction AS, som står bak sal og marknadsføring til havbruksnæringa.
I tillegg satsar Haddal-selskapet stort innanfor levering av betong, men her er tilgangen til natursand ein kritisk faktor.
- Dette har vi løyst ved å kjøpe Standal knuseverk. Her er det betydelege ressursar tilgjengelege.
Sanden vert frakta med båt frå Standal til Haddal.
- Dette tar berre vel to timar, seier Sætre.

Ser meir mot Ørsta/Volda

Han seier at oppkjøpet av Ørsta-bedrifta også betyr at selskapet ønsker å satse meir i Volda- og Ørsta-området.
- For oss er det kortare til Ørsta enn til Fosnavåg, sjølv om vi hittil har hatt klart størst aktivitet på ytre søre, seier Sætre.
Blant anna ser selskapet på eit større leilegheitsprosjekt i Volda, ei satsing som skjer i regi av 50 prosent eigde Ulstein Betong Constructer AS.
Dette selskapet har nyleg avslutta eit leilegheitsprosjekt med 24 leilegheiter i Ulsteinvik sentrum.
- Vi ser også på eit prosjekt på Hatlane i Ålesund. Vi har tomt tilgjengeleg, seier Sætre.

Viktig skuletilbud

Han opplyser at konsernet har klare vekstambisjonar framover, men har problem med å skaffe betongarbeidarar og forskalingssnekkarar.
- For oss er det svært viktig at det vidaregåande tilbodet innanfor bygg og anlegg ikkje vert nedprioritert. Vi treng fleire fagarbeidarar.
Han rosar eigarane, der Moldskred-familien er hovudeigarar.
- Dei ønskjer å utvikle denne bedrifta vidare og å skape endå fleire arbeidsplassar. Så langt ser det bra ut.
For den del kan vi byggje ut flytande bydelar

Publisert: 14.11.2019 08:48

Sist oppdatert: 16.07.2021 13:06

Mer om