Her er investorane bak Pir Invest
INVESTORGRUPPE PÅ PLASS: Kjerna i investorgruppa som blir knytt til innovasjon- og grundersenteret Anja Solevågseide, Momentium-gründarane Lars Berg Giskeødegård (tv), Ante Giskeødegård og Kaj Bang Westre skal utvikle i Ålesund sentrum er på plass. Les artikkelen og sjå kven dei er.
Nytt

Her er investorane bak Pir Invest

Dei tidlegare Optimar-eigarane er tungt inn i det nye investeringsselskapet Pir Invest.

05.05.2018
Asbjørn Solevågseide, Peder Stette, Frode Håkon Kjølås og Erik Westre var alle på eigarsida då det tyske familieselskapet Haniel i desember i fjor kjøpte utstyrleverandøren til fiskeri- og oppdrettsnæringa.

No går dei inn som medeigarar i Pir 1 Invest, som .
Peder Stette investerer gjennom selskapet Stette Invest der Else K. Stette Stenseth og Per Martin Stette og er aksjonærar.

Same eigarar

Dei 12 investorane som er med på Ably Medical-investeringa er og med i Pir Invest as, eit selskap under etablering, i følgje dagleg leiar Anja Solevågseide.
Pir Invest skal ikkje har stor økonomisk aktivitet på eiga hand, men fungere som eit samlingspunkt for eit investorfellesskap med tett samarbeid med miljøet i det komande innvasjon- og gründersenteret i Idun-gården i Ålesund sentrum.
r
Modellen for vidare investeringar blir den same som for investeringa i Ably Medical gjennom Pir 1 Invest: Kvar investor avgjer sjølv kvar og kor mykje ho eller han vil investere, og det blir oppretta eit nytt investeringsselskap for kvar investering.

Advokatar og plastindustri

Adviso Advokatfirma-partnarane Ingvild Vartdal og Ole Reinert Notø er og med i investorselskapet.
Vartdal er med gjennom Vartdal Holding, som ho eig saman med brørne Jan Endre og Sindre Vartdal. Vartdal Holding eig mellom anna Vartdal Plastindustri.
Ole Reinert Notø investerer gjennom selskapet Høgnabben, som han eig saman med Ragnhild Nilsen.

Brønnbåtar og skipsdesign

Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk er med i investorgruppa gjennom selskapet Ronja Capital.
Bjørn Oscar Kløvning, medeigar og salsansvarleg for offshoremarknaden i skipdesignselskapet Skipsteknisk i Ålesund er med gjennom sitt selskap Bok-Holding.

Fiskepengar

Dei fire siste som er med på Ably Medical-investringa og er ein del av investorgruppa i Pir Invest er:

Botholf Stolt-Nielsen, dagleg leiar og medeigar i lakseeksportselskapet Ocean Supreme.
Amund Pedersen i Pedersenfamilien, som selde Fjordlaks Aqua for ein milliard kroner sommaren 2016.
Geir Robin Hoddevik, dagleg leiar i Global Fish - som eig Global Egersund.
Stein M. Pettersen Notø i eigedomsselskapet Nsm.

Publisert: 05.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 31.01.2022 09:09

Mer om