Her er kuttlista i utdanningstilbodet
Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår å kutte 36 utdanningstilbod.
Framlegget til kva for utdanningstilbod som ikkje skal kome i gang til hausten er basert på søkjartalet. For yrkesutdannings som skal gi læreplass er kravet minst seks søkjarar, for såkalla YSK-tilbod er kravet 10.
YSK gir både yrkes- og studiekompetanse.
Heile 65 prosent at ungdomsskuleelevane søkte yrkesfagleg utdanning til hausten. Et er ein auke frå 55 prosent i fjor, gjer at fylkeskommunedirektøren også vil kutte i tilbodet om studiespesialierande utdanning ved ein del skular.
Fylkeskommunedirektøren si innstilling:
Desse tilboda blir ikkje starta skoleåret 2024/2025:
Borgund vgs.
Vg 1 Helse- og oppvekstfag, velferdsteknologi
Vg 2 Betong og mur
Gjermundnes vgs.
Vg 2 Anleggsgartnar
Vg 2 Industriteknologi
Vg 3 Studieførebuande naturbruk
Herøy vgs.
Vg 2 Tømrar
Vg 2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Hustadvika vgs.
Vg 1 Bygg- og anleggsteknikk, YSK 4 år
Vg 1 Studiespesialisering blir ikkje starta ved Hustadvika vgs. skoleåret 2024/2025.
Vg1 Teknologi- og industrifag, YSK 4 år
Vg2 Tømrer, YSk 4 år
Vg 2 Realfag
Vg 2 Språk, samfunn og økonomi
Kristiansund vgs.
Vg 1 Medium og kommunikasjon
Vg 2 Røyrleggar 1
Vg 2 Medium og kommunikasjon 17.
Vg 3 Medium og kommunikasjon
Rauma vgs.
Vg 2 Helsearbeidarfag
Romsdal vgs.
Vg 2 Klima, energi og miljøteknikk
Vg 2 Blomsterdekoratør
Stranda vgs.
Vg 1 Idrettsfag
Vg 1 Restaurant- og matfag
Vg 1 Studiespesialisering
Vg 2 Helsearbeidarfag
Vg 2 Matproduksjon
Sunndal vgs.
Vg 2 Tømrar
Surnadal vgs.
Vg 2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Sykkylven vgs.
Vg 2 Helsearbeidarfag
Vg 3 Automatiseringsfaget
Tingvoll vgs.
Vg 1 Studiespesialisering
Vg 2 Tømrar
Vg 3 Realfag
Vg 3 Språk, samfunn og økonomi
Ørsta vgs.
Vg2 Treteknikk
Vg2 Helseservicefag
Ålesund vgs.
Vg2 Informasjonsteknologi blir ikkje starta ved Ålesund vgs. skoleåret 2024/2025.
Publisert: 11.03.2024 09:34
Sist oppdatert: 11.03.2024 09:40