Nytt
Her er lønsskilnadene store
– Eg vil ikkje bruke fem minutt i jobben min på å bygge ned offshorenæringa for at vi skal ta oss betre ut på statistikken.
02.09.2019
Det seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr etter at kommunen vert utpeika for å ha store lønsskilnader mellom menn og kvinner.
I over hundre av kommunane våre tener menn minst dobbelt så mykje som kvinnene, har Dagens Næringsliv funne ut.
Forskjellane kjem mellom anna av at menn oftare har godt betalte leiarjobbar i privat næringsliv og at kvinner oftare jobbar deltid.
I kommunar der forskjellane er størst i «favør» menn, er det ofte lågast del kommunale tilsette. I dei to kommunane der kvinner tener meir enn menn, er over 60 prosent av befolkninga offentleg tilsette.
Kvinner jobbar meir deltid, og tener omtrent det same som mannlege deltidsarbeidarar. Heiltidsarbeidande kvinner tener samtidig 11 prosent mindre enn deltidsarbeidande menn, basert på berekningar frå Statistisk sentralbyrå. Byrået har estimert kva deltidsbetalingar utgjør i årslønn.
– Det er viktig å sjå bak tala, og kva dei kan føre til. Tala er bekymringsfulle fordi deltidsjobbar gir lite pensjon å leve av, spesielt viss ein lever åleine, og spesielt mange kvinner risikerer å bli minstepensjonistar, seier Åsta Lovise Einstabland, leiar og seniorrådgivar ved Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, til avisa.
Høgre-ordførar Arnulf Goksøyr meiner lokalsamfunnet skal vere stolt over å ha skapt store reiarlag innan fisk og offshore, trass store lønnsforskjellar i kommunen.
– Eg er ikkje redd for å seie at eg er stolt over tradisjonane i samfunnet og håper vi kan ta det med vidare.
- Reiarane, på si side, har skapt verdiar og arbeidsplassar som er med på å utvikle lokalmiljøet, seier Goksøyr
I over hundre av kommunane våre tener menn minst dobbelt så mykje som kvinnene, har Dagens Næringsliv funne ut.
Forskjellane kjem mellom anna av at menn oftare har godt betalte leiarjobbar i privat næringsliv og at kvinner oftare jobbar deltid.
Store skilnader
Tal som har henta inn, viser at menn tener 50 prosent meir enn kvinner i 115 av kommunane, målt i bruttoinntekt, altså inntekt før betaling av skatt.I kommunar der forskjellane er størst i «favør» menn, er det ofte lågast del kommunale tilsette. I dei to kommunane der kvinner tener meir enn menn, er over 60 prosent av befolkninga offentleg tilsette.
Kvinner jobbar meir deltid, og tener omtrent det same som mannlege deltidsarbeidarar. Heiltidsarbeidande kvinner tener samtidig 11 prosent mindre enn deltidsarbeidande menn, basert på berekningar frå Statistisk sentralbyrå. Byrået har estimert kva deltidsbetalingar utgjør i årslønn.
– Det er viktig å sjå bak tala, og kva dei kan føre til. Tala er bekymringsfulle fordi deltidsjobbar gir lite pensjon å leve av, spesielt viss ein lever åleine, og spesielt mange kvinner risikerer å bli minstepensjonistar, seier Åsta Lovise Einstabland, leiar og seniorrådgivar ved Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, til avisa.
Størst i Herøy
Herøy er ein av kommunane der lønsskilnadene er aller størst. Her tener menn 82 prosent meir enn kvinner.Høgre-ordførar Arnulf Goksøyr meiner lokalsamfunnet skal vere stolt over å ha skapt store reiarlag innan fisk og offshore, trass store lønnsforskjellar i kommunen.
– Eg er ikkje redd for å seie at eg er stolt over tradisjonane i samfunnet og håper vi kan ta det med vidare.
- Reiarane, på si side, har skapt verdiar og arbeidsplassar som er med på å utvikle lokalmiljøet, seier Goksøyr
Publisert: 02.09.2019 12:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39