Her er superyachten paa sjoeen
SJØSETTING: Yacht nummer to frå Kleven til Graeme Hart vart sjøsett laurdag.
Nytt

Her er superyachten på sjøen

Med eigar Graeme Hart og familien på plass, vart den 116 meter lange superyachten sjøsett frå Kleven.

12.03.2016
Dette er den andre yachten Kleven leverer til Graeme Hart, som er rekna som den rikaste på New Zealand.
Det første fartøyet, 107 m lange Ulysses, vart levert frå Kleven Verft i 2015 og er no på seglas i Middelhavet etter å ha fått siste finpussen i tyske Bremerhaven.
Fartøyet er av typen MT 5006 MKII ESV, designa av Marin Teknikk i Herøy.

For røffe forhold

Interiøret er designa av Oscar Mike Naval Architects i New Zealand.
Fartøyet er spesialdesigna for lange ekspedisjonar i røffe farvatn, og kombinerer eit robust skrog med luksuriøst interiør.
Fartøyet har innreiing for 66 personar, og skal leverast frå Kleven Verft i juli i år.

Publisert: 12.03.2016 15:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54