Her er tre av skipa Solstad vil skrape
SKRAP: Normand Neptun, Far Scotia og Normand Atlantic er tre av 14 skip som Solstad Offshore vil skrape.
Nytt

Her er tre av skipa Solstad vil skrape

Vil skrape 14 skip, derav fire tidlegare Farstad-skip og fleire tolv år gamle skip. Rem-kjøp i boks.

12.05.2020
Som ein del av restruktureringa av Solstad Offshore, har selskapet etter avtale med kreditorane vorte samde om at flåten skal reduserast frå 127 til rundt 90 fartøy.
Det er lagt opp til at 14 av dagens skip skal skrapast og ytterlegare 23 seljast.
Solstad har opplyst at dette dreier seg om eldre skip og skip som ikkje er så 'sofistikerte'.

Alle skrapeskipa ligg i opplag

Etter det NETT NO kjenner til er det seks PSV-ar, sju ankerhandlarar og eitt fleirbruksskip på lista over dei 14 skipa Solstad vil skrape. Alle desse skipa ligg no i opplag.
Det eldste av dei 14 skipa er dei Ulstein Verft-bygde ankerhandlarane Normand Neptun og Normald Atlantic, bygde i 1996 og 1997.
Dei nyaste er PSV-ane Sea Pollock, Sea Watch, Sea Bass og Sea Turbot, alle frå 2008.

Vil skrape fire Far-skip

På lista over skip som skal skrapast er dei tidlegare Farstad Shipping-skipa Far Sovereign, Far Strait, Far Scotia og Far Strider.
Nyast av desse er den Aker Yard Brevik-bygde ankerhandlaren Far Strait frå 2006.
I tillegg vil Solstad skrape det tidlegare Island Offshore-skipet Normand Borg, i tillegg til Sea Tiger, Sea Panther og Sea Angler.
Ti av dei 14 skipa har operert i Nordsjøen, slik at det vil betre balansen mellom skip og etterspørsel, sjølv om fleire av skipa har vore i opplag i lengre tid.

Vil selje to Rem- og åtte Far-skip

På lista over dei 23 skipa Solstad har definert som ikkje-strategiske, og som selskapet vil selje, finn ein dei to tidlegare Rem Offshore-skipa Normand Provider og Normand Supplier, tidlegare Rem Provider og Rem Supplier.
PSV-en Normand Provider er frå 2007, medan PSV-en Normand Supplier frå 2010 er det nyaste av dei 23 skipa.
På lista er også åtte tidlegare skip frå Farstad Shipping.
Nyast av desse er den 13 år gamle PSV-en Far Spirit.
På salslista er også dei 14 år gamle ankerhandlarane Far Stream og Far Sword, i tillegg til PSV-en Far Swan.
I tillegg vil Solstad selje dei tidlegare Farstad-skipa Lady Astrid, Lady Caroline, Far Splendour, Far Santana, Far Scout og Far Saga.

Rem kjøper tilbake Rem Arctic

På salslista står ikkje Rem Arctic - no Normand Skude - som var det nyaste skipet i Rem-flåten før Solstad Offshore overtok. , som for tida er inne til femårsklassing ved Myklebust Verft.
Totalt 16 tidlegare Rem-skip vart overtatt av Solstad Offshore.
Kleven-bygde Rem Arctic er 87,2 meter langt, 20 meter breidt og har eit dekksareal på 1000 kvadratmeter, slik at dette er eit langt meir moderne skip enn dei øvrige skipa Solstad Offshore no vil selje.
Skipet er innreidd for 24 personar, er spesialbygd for operasjonar i Arktis, og kosta i 2015 rundt 345 milionar kroner.
Det er ikkje kjent kva Rem Offshore betalar for skipet, men truleg ligg kjøpssummen godt under 200 millionar kroner.
Det er Sparebank1 SMN som står bak salet av Normand Skude, ein bank som etter det NETT NO har grunn til å tru ikkje har sagt ja til Solstad sin restruktureringsavtale.

Publisert: 12.05.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57