Kart ssb folketal 2022 2050
VENTA FOLKETALSVEKST: Dei raude områda viser kommunar med venta vekst - der Giske, Sula og Aure ligg høgast. I kommunar merka blått er det venta sterkast nedgang i folketalet. Kart: SSB
Nytt

Her er vekstvinnarane i nordvest

Møre og Romsdal mellom fylka som ventar svakast utvikling i folketalet. Berre tre kommunar over landssnittet.

Marius Rosbach
05.07.2022

Tysdag kom tal frå SSB som viser venta utvikling i folketalet fram til år 2050.

På landsbasis er det forventa at 40 prosent av kommunane i Noreg vil oppleve ein nedgang i folketalet i dette tidsrommet.

I Møre og Romsdal er det venta nedgang i folketalet i 12 av 22 kommunar.

I Vestland er det framskriven nedgang i 21 av 43 kommunar – fire av desse er i Nordfjord.

Tre kommunar over landssnittet
Byane og områda rundt vil helde fram med å vekse viser SSB-tala. Slik ser også utviklinga ut for kommunane på Nordvestlandet.

Giske, Sula og Aukra er vekstvinnarane i regionen fram til 2050 med ei auke i folketalet på kring 20 prosent.

Gå til interaktivt kart (ekstern lenke)

Oppdatert: Volda kommune er utelatt i det interaktive kartet. SSB ventar ein vekst i folketalet på drygt 11 prosent i kommunen- - noko som er godt over snittet i regionen.

Dei største bykommunane Ålesund og Molde ligg an til ein vekst på 7,1 og 5,9 prosent, medan Kristiansund er venta å få ein vekst på skarve 0,8 prosent.

Nedgang i Vanylven og Nordfjord
Desidert svakast utvikling på Sunnmøre er venta i Vanylven, med ein nedgang i folketalet på meir enn 20 prosent.

Også i Nordfjord-kommunane er det venta nedgang i alle kommunar.

I Stryn og Stad er det venta ein nedgang på 2,1 og 2,8 prosent, medan folketalet i Gloppen er venta å synke med 4,8 prosent. Kinn er venta å få ein nedgang på 6,6 prosent.

Berre to fylke bak Møre og Romsdal
Møre og Romsdal vil ha ein vekst på berre ein tredel av landssnittet med 3,6 prosent vekst i folketalet fram til 2050. Berre Nordland saman med Troms og Finnmark er spådd ei svakare utvikling.

Vestland fylke vil få ein vekst litt under landssnittet på 8 prosent, viser prognosene.

Sterkast vekst av fylka vil kome i Viken med ei auke på knappe 19 prosent, med Oslo på plassen bak med drygt 15 prosent auke i befolkninga fram til 2050.

Svakast utvikling er venta i Nordland fylke med ein tilbakegang på 1,6 prosent.

Vil bli seks millionar i 2050
Fram til 2050 er det venta at befolkninga i landet totalt sett veks med 11 prosent.

Befolkninga i Noreg vil vekse frå dagens 5,4 millionar menneske til 6 millionar i 2050 og 6,2 millionar i 2100.


Publisert: 05.07.2022 12:07

Sist oppdatert: 07.07.2022 10:45

Mer om