Her gaar smolten fraa Moltu til Murmansk
MOLTU: Ro Server lastar smolt på Moltu før avreise til Murmansk.
Nytt

Her går smolten frå Moltu til Murmansk

Her lastar Ro Server smolt på Moltu til oppdrettsanlegg utanfor Murmansk. 105 millionar kroner satsar Russian Aquaculture på Moltu.

21.05.2019
- Målet er at vi skal produsere fem millionar smolt årleg ved Villa Smolt sitt anlegg på Moltustranda.
Det seier styreleiar Arne Geirulv i Villa Smolt. Geirulv er også dagleg leiar i fleire av dei norske selskapa til Russian Aquaculture, i tillegg til at han er styremedlem i det Moskva-baserte morselskapet.

Oppgradering til 105 millionar

Russian Aquaculture kjøpte Moltu-anlegget i august 2017, og har etterpå gjennomført ei storstilt oppgradering av anlegget som ligg ved Øyraelva på Moltu.
- Så langt ser prislappen for oppgraderinga ut til å ende på 105 millionar kroner, seier Geirulv.
Han opplyser at det vert satsa stort på resirkulasjon av vatn, i tillegg til at det er bygt produksjonsbygg og ei rekkje oppdrettstankar.
- Russian Aquaculture treng smolt, og mykje av denne smolten skal kome frå Moltu, seier Geirulv.
Han opplyser at det har gått bra med årets produksjon, sjølv om det har pågått omfattande byggjearbeid.
- Ja, Moltu-smolten som no skal setjast i sjøen utanfor Murmansk er rundt 130-140 gram.

Størst i Russland

Første lasten gjekk måndag med brønnbåten Ro Server, som brukar 4,5 døgn på turen.
- Det vert nok to-tre turar til med smoltlastar frå Moltu.
Russian Aquaculture er det største russiske oppdrettsselskapet.
Totalt har selskapet rundt 43 oppdrettskonsesjonar, der dei fleste ligg i Murmansk-området. I tillegg har ein konsesjon for oppdrett av ørret i innsjøar i Karelia.
- Vi har allereie ein kapasitet på 45.000 tonn, slik at vi treng mykje smolt framover, seier Geirulv.

Tre smoltanlegg

I tillegg til anlegget på Moltu, har Russian Aquaculture kjøpt Olden Oppdrettsanlegg, som ligg i Trøndelag. Også her er det ein konsesjon på fem millionar smolt årleg.
- Første smoltlasten har alt gått herifrå til Murmansk, seier Geirulv.
Selskapet planlegg også å produsere fem millionar smolt i Murmansk.
- Vi har funne ein lokalitet som vi meiner vil vere eigna til smoltproduksjon.

Starta med sild og makrell

Det russiske selskapet vart starta opp i 1987, først som ein importør av norsk sild og makrell.
Men selskapet satsa gradvis meir på oppdrett, før ein gjekk på ein skikkeleg smell i 2015 då mesteparten av oppdrettsfisken på ein av lokalitetane døydde. No vert det på nytt satsa på vekst ved hjelp av norsk smolt.
Slskapet har hittil kjøpt varer, tenester og utstyr for 1,1 milliardar i Norge, og har eit investeringsbudsjett på 600 millionar kroner i år og neste år.
Hovedaksjonær i Russian Aquaculture er forretningsmannen Maksim Vorobyov, bror til guvernør i Moskva fylke Andrey Vorobyov.
Ved anlegget på Moltustranda er det i dag sju tilsette. Arne Geirulv opplyser at arbeidsstokken truleg skal utvidast med to til.
Så langt ser prislappen for oppgraderinga ut til å ende på 105 millionar kroner

Publisert: 21.05.2019 05:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35