Her kjem det ny bru
NERLANDSØYBRUA: I 2023 skal dagens smale Nerlandsøybru erstattast med ei ti meter brei bru.
Nytt

Her kjem det ny bru

Den nye Nerlandsøybrua får ei breidde på ti meter.

12.06.2020
Nerlandsøybrua mellom Bergsøya og Nerlandsøy i Herøy er smal og i dårleg forfatning. Neste veke kjem fylkestinget til å gjere endeleg vedtak om bygging av ei ny bru.
Dette er klar etter at fylkesutvalet fredag sa ja til bygging av ei ny bru på 600 meter lengde.
Den nye brua skal stå ferdig i 2023 og får ei samla breidde på ti meter, der køyrebane-breidda vert seks meter med 0,5 meter skulder på kvar side, slik at to bilar kan passere.

Sju prosent stigning

I tillegg vert det fortau for gåande. Dette fortauet vert to meter breidt. På begge sider kjem det i tillegg 0,5 meter brurekkverk.
Brua får sju prosent stigning og kjem til å koste over 500 millionar kroner.
I møtet i fylkesutvalet gjentok Frp eit framlegg partiet saman med Uavhengig valliste hadde fremma i samferdsleutvalet. Dette framlegget gjekk på mindre stigningsprosent, og meir tilrettelegging på begge sider av brua. I fylksutvalet fekk framlegget berre Frp sine to røyster.

Kuttar gang- og sykkelvegar

For å spare pengar i prosjektet går fylkeskommunen vekk frå å byggje 350 meter gang- og sykkelveg, to busslommer og 250 meter veg og nytt kryss på Igesund på Bergsøy-sida av brua.
Heller ikkje 50 meter gang- og sykkelveg og ei busslomme på Nerlandsøya vert bygt, om fylkestinget på desse punkta sluttar seg til fleirtalstilrådina neste veke.
Etter at fylkestinget har gjort sitt vedtak, kjem arbeidet med grunntingingar og miljøutgreiing til å starte.

Publisert: 12.06.2020 09:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58