- Her kjem det zipline
Over halve byggjesummen er i boks, og Fosnavåg vil snart få ei 630 meter lang taubane.
- Det vil overraske meg mykje om vi no ikkje lukkast å skaffe dei siste midlane.
Det seier ei optimitisk Merethe Hjertø Flusund. Ho er dagleg leiar i reiselivssatsinga Havlandet i Herøy, og styreleiar i Havlandet Aktiv, som står bak utbygginga.
Utsiktstårn
Planen er at taubana skal starte på det 100 meter høge Tverrfjellet indst i Fosnavåg. Derifrå vil taubana gå over hamna og til parkeringsplassen ved Thon Hotel Fosnavåg.
Her skal det no byggjast eit 25 meter høgt tårn, med ein landingsrampe.
Men her kjem også mykje meir.
- Tanken er at dette skal vere eit utsiktstårn, som alle skal kunne nytte seg av. Her kan vi også ha utsmykking og informasjon.
- Vi skal utnytte dette tårnet til noko mykje meir enn eit stopp-punkt for taubana, seier Hjertø Flusund.
Eit slikt tilbod er viktig for Herøy, men også for regionen rundt
'Non profit'
Heile prosjektet kostar vel 10 millionar kroner. Satsinga er no organisert som eit ‘non profit’- prosjekt.
- Av denne grunn kunne vi søke, og har fått, tre millionar kroner i RDA-midlar.
- Vi søker også om andre offentlege midlar og gåvemidlar, seier Hjertø Flusund.
Kystverket har sagt ja til satsinga.
Næringslivsstøtte
I tillegg er næringslivet i Herøy invitert til å delta.
- Det er positiv intersse fleire stader, så no meiner vi at dette skal vi få til.
- Eit slikt tilbod er viktig for Herøy, men også for regionen rundt. Målet er å opne denne attraksjonen til våren, Hjertø Flusund.
Planane vert presentert på ei reiselivskonferanse i Fosnavåg torsdag, med rundt 90 påmelde.
Publisert: 21.10.2021 13:07
Sist oppdatert: 21.10.2021 13:26