Fredag sendte Sølvtrans-reiarlaget og Aas Mek. Verkstad ut ei pressemelding om stadfesta signering av to nye brønnbåtar ved Vestnes-verftet.
Båtane er to i rekka av fleire nybygg Ålesund-reiarlaget har under bygging. Dei to båtane som det er er signert kontrakt på, får byggenummer 211 og 212.
Dei får ein lastekapasitet på 3000 kubikkmeter kvar, og kostar i underkant av 400 millionar kvar. Begge skal leverast til Sølvtrans i 2023.
Nummer ti kjem snart
Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk då han nyleg hadde statsminister Erna Solberg på besøk. Med desse to siste kontraheringane, har Sølvtrans i løpet av kort tid bestilt ni ny brønnbåtar ved lokale verft.
– Nummer 10 ligg straks klar for å bli signert, heiter det i pressemeldinga frå reiarlaget fredag.
NETT NO har tidlegare omtala det truleg er ei kontrakt .
Ifølgje Halsebakk dreiar det seg om ein brønnbåt med ein lastekapasitet på 5000 kubikkmeter. Det blir den neste største brønnbåten i Sølvtrans-flåten.
Omfattande samarbeid
Sølvtrans har eit omfattande og langvarig nybyggingsprogram, og avtale med Aas Mek. Verksted og Myklebust Verft om å fordele oppdraga mellom dei.
Halsebakk varsla alt i august 2019 at Sølvtrans skulle byggje brønnbåtar på løpande band. Nybyggingsprogrammet omfattar i alt 20 båtar og går fram til og med 2025.
Publisert: 13.11.2020 13:09
Sist oppdatert: 07.04.2021 19:27