Her startar den utsleppsfrie skipstrafikken til Geiranger
KNUTEPUNKT: Kaia bak ordførar Jan Ove Tryggestad kan om få år bli eit knutepunkt for utsleppfri trafikk inn i Geiranger- og Nordalsfjorden.
Nytt

Her startar den utsleppsfrie skipstrafikken til Geiranger

Innan 2022 vil Strandaordførar Jan Ove Tryggestad at Stranda skal vere klar som omlastingshamn for cruiseturistar.

20.12.2019
Kommunen har vendt tommelen opp for investorane Frode Kjølås og Roger Halsebakk sine planar om å sette opp eit seawalk-anlegg (eit foldbart flytande kaianlegg) ved Stranda sentrum. Den er også positiv til å ruste opp kaia i sentrum slik at den kan bli utgangspunkt for utsleppsfrie sightseeingsbåtar som tek cruisepassasjerane vidare inn til Geiranger og inn mot Valldal, Tafjord, Norddal og Eidsdal (Norddalsfjorden).
Bakgrunnen for det heile er kravet om utsleppsfri skipstrafikk i verdsarvområdet, som omfattar både Geiranger- og Norddalsfjorden, frå 2026. Ideen er at cruiseskip som ikkje er utsleppsfrie legg til ved Stranda, passasjerane går av der og held fram derifrå i mindre, utsleppsfrie farty.
- Vi må ha noko å tilby dei som ikkje kan gå inn for eiga maskin, seier Tryggestad.

Klart i god tid

Grunnen til at han vil ha anlegg og opplegg for vidare transport klart alt i 2022 er at dei som sel cruiseturar skal vere sikre på at det framleis kan vere råd å tilby kundane tur inn i verdsarvområdet, også etter at nullutsleppskravet er innført.
Slike turar blir seld til turoperatørar og cruiseselskap fleire år i førevegen. Difor må alternativet for cruisebransjen vere på plass fleire år i førevegen. Skjer ikke det fryktar Tryggestad at cruisereiarlaga heller vel Ålesund, Nordfjordeid eller Måløy som stoppestad - og at reiselivet i Geiranger og resten av Stranda går glipp av inntekter frå cruise-turismen. I verste fall kan eit slikt alternativ bety at cruiseselskapa vel å busse gjestane sine inn til Geiranger og auke presset på vegane.

Seawalk i 2021

Frode Kjølås og Roger Halsebakk si satsing på Stranda skjer gjennom selskapet Strack Holding. Dei er og medeigarar i selskapet Cruiseservice, som kan bli ein av operatørane som fraktar turistane vidare inn i fjordane frå Stranda.

Kjølås seier dei har engasjert eit selskap for å planlegge og teikne anlegga på Stranda, og dei kan ha Seawalkanlegget på plass i 2021. Selskapet har fått forespørslar om å ta i mot cruiseskip allereie sesongen 2020.
I tillegg til anlegga må og planane for tilbod og trafikkflyt på Stranda og vidare rundt i området vere på plass før turistane kjem i store mengder.
- Du kan ikkje sleppe laus 2000 turistar på Stranda utan mål og meining, seier Kjølås.

Publisert: 20.12.2019 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48