Her testar Equinor ut nyvinning fraa Heroey
NYVINNING: Bilde tatt av oppfinninga frå Herøy tatt av ein ROV på 155 meter djupne under oppankring av riggen Deepsea Atlantic på Equino South i Nordsjøen. Innfelt oppfinnar Ove Henning Hansen og dagleg leiar Vidar Knotten ved Egersund Herøy.
Nytt

Her testar Equinor ut nyvinning frå Herøy

Etter testen var Equinor så fornøgd at selskapet har signalisert at dei vil ha 900 eksemplar av svivelen frå Egersund Herøy.

13.12.2019
Nyvinninga frå Egersund Herøy vart testa ut på ei ankerline frå riggen Deepsea Atlantic. Oppfinnaren trur dette kan verte stort.
- Dette var ein test, men etter testen har Equinor signalisert at selskapet kan ha behov 900 eksemplar av vår nye løysing.

Hindrar slitasje

Det seier Ove Henning Hansen ved Egersund Herøy. Han står bak oppfinninga av ein svivel som vert montert direkte på fortøyingane som riggar og andre oljeinstallasjonar brukar ved oppankring.
Tidlegare har stroppene opp til bøyene vorte festa rett på fibertaua, noko som har ført til slitasje og andre problem.
Ved hjelp av ein svivel som roterer rundt fibertaua, er desse problema løyste.
- Det er ein enorm marknad for eit slikt produkt. For kvar oppankring, er det behov for 30 til 60 slike svivlar.

Moelven-produksjon

Patentsøknad er inne til behandling, og sjølve svivelen i polyetan består av fire deler på totalt 32 kilo.
- Dette betyr at ein person åleine kan montere svivelen.
Deler av løysinga skal produserast av Partner Plast på Moelven, medan salsarbeidet skal skje i regi av Egersund Herøy.
Herøy-bedrifta er store på nøter og trålposar til fiskerinæringa, men har også ei rekkje leveransar til offshore, inkludert fortøyingsutstyr.

Echino South-test

Riggen Deepsea Atlantic testa løysinga under forankring ved Echino South I Nordsjøen, der Equinor saman med partnerane ExxonMobil, Idemitsu og Neptune nyleg gjorde eit stort oljefunn.
Under forankring er ankerfortøyingane spreidde langt frå riggen. Øverst og nederst er det kjetting, men imellon er det kraftige fibertau som vert haldne oppe av bøyer.
Det er på kvar av desse koplingspunkta til bøyene at den nye Herøy-patenten skal brukast.

- Måtte finnast betre løysingar

Ove Henning Hansen har sjølv jobba mykje offshore, og tenkte at det måtte finnast betre løysingar enn å knyte tauet mellom bøyene og ankertauet direkte på forankringstauet.
- Deretter byrja eg å utvikle ei løysing som roterer rundt tauet, slik at det ikkje vert slitasje og andre problem.
- Heldigvis viste testforsøka å gi svært gode resultat, så gode at Equinor og fleire andre er veldig positive til løysinga.
Han seier at Equinor tok flere turar med ROV-ar ned til koplingspunktet på 155 meter djupne, for å filme korleis løysinga fungerte i praksis.
- Dei var storleg fornøgde.
Planen er no å produsere svivelane i to ulike størrelsar, ein for fibertau på rundt 165 millimeter, og ein for rundt 184 millimeter tau.
Det er ein enorm marknad for eit slikt produkt

Publisert: 13.12.2019 11:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:47