Energy passion golden energy foto Golden energy offshore 11
NYE OPPDRAG: Golden Energy Offshore Services har fleire PSV-ar med Ulstein PX121-design i flåten. To av desse har fått meir jobb. Foto: Golden Energy Offshore Services
Kort fortalt

Nye oppdrag til to Golden Energy-skip

Meir arbeid til to av PSV-ane til Ålesund-reiarlaget

Marius Rosbach
14.10.2025

Golden Energy Offshore Services er sikra nye oppdrag for to av sine forsyningsskip, ifølgje ei børsmelding.

Ein av PSV-ane startar i desember på eit oppdrag som varer i 210 dagar, pluss eventuelle opsjonar. 

Det andre skipet skal frå januar ut i eit oppdrag som varer i 120 dagar, pluss eventuelt opsjonar. 

Det blir ikkje opplyst kva skip dei dreiar seg om, kva type oppdrag eller kven dei skal jobbe for. 

Kontraktane er er inngått til marknadspris og auke ordreboka til reiarlaget med kring seks millionar dollar – kring 60 millionar kroner. 

Publisert: 14.10.2025 10:23

Sist oppdatert: 14.10.2025 10:23

Mer om