Heroey kan starte hamneutbygging
FOSNAVÅG: Jon Georg Dale kom til Fosnavåg med godt nytt. Kommunen kan forskottere 108,5 millionar til hamneutbygging. Her er Dale flankert av stortingsrepresentant Marianne Synnes og Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr.
Nytt

Herøy kan starte hamneutbygging

Kommunen får forskottere 108,5 millionar kroner til Fosnavåg hamn.

14.06.2019

- Eg rekna med at det fulgde med pengar når eg høyrde at Jon Georg skulle kome til Fosnavåg, sa Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr.

medium

- Ja, noko anna hadde eg ikkje våga, sa samferdsleminister Jon Georg Dale under eit pressemøte på Fosnavåg hamn fredag.

Med seg i bagasjen hadde Dale ein lovnad på at Herøy kan bruke 108,5 millionar kroner til forskottering av hamneutbygginga.

Ekstrapott
Midlane kjem frå ein ekstrapott på 200 millionar kroner til forskottering av hamneutbyggingar, der Stortinget rett før jul i fjor auka ramma frå 350 millionar kroner til 550 millionar kroner.

Dette skjedde etter at det kom inn svært mange søknader til støtte til eingongsordninga, og der Herøy ikkje slapp gjennom i første runde.

No har kommunen ein garanti om å få tilbake pengane med staten, men må først skaffe dei 108,5 millionane.

- Endeleg skjer dette, eit prosjekt som vi har jobba med sidan 2002, sa Goksøyr.

- No er det vår tur, sa Goksøyr, som opplyste at planen går ut på at dei ureina massene på botnen av Fosnavåg hamn skal lagrast i eit sikkert deponi i indre hamn.

Mykje kjeft
Dale seier at han håper at prosjektet vil føre til fornya aktivitet for næringslivet i hamneområdet.

Han sa at det har vore svært så klare tilbakemeldingar frå Herøy etter kvart som Fosnavåg ikkje har vorte prioritert under tildelinga av hamnepengar.

- Eg har sjeldan fått så j.... mykje kjeft før, sa Dale.


Publisert: 14.06.2019 14:00

Sist oppdatert: 13.02.2023 21:02