Om Tussa og Tafjord slår saman nettselskapa sine, skal hovudkontoret ligge i Ørsta.
Det betyr og at det ikkje lenger blir noko Tussa Nett, eit selskap som i dag har forretningsadresse på Dragsund i Herøy. Den forretningsadressa er viktig for Herøy, sa Herøyordførar Arnulf Goksøyr på eigarmøtet i Tussa i dag, fredag 29. november.
Han vil at også det nye selskapet, Mørenett, skal ha forretningsadresse i Herøy.
I realiteten er Tussa Nett si adresse i Dragsund ein formalitet, leiinga jobbar frå Ørsta. Men formaliteten er viktig for Herøy, understreka Goksøyr fleire gongar på eigarmøtet. Blir hovudkontoret i Ørsta, kjem mykje av den venta samanslåingsgevinsten for Herøy til å forsvinne.
- Det blir for dumt om dei ikkje kan finne ei løysing, seier Goksøyr til NETT NO.
Les også:
- Problemstillinga har ikkje vore diskutert internt i Tussa i det heile tatt, seier Dybdal.
Ørstaordførar Rune Hovde strekte ut ei hand til naboen.
- Heldigvis er det ikkje slik at Ørsta kan få desse pengane, for då hadde det blitt eit himla liv. La oss få litt tid, til å finne ut korleis vi skal handtere situasjonen, det skuldar vi Herøy, sa han.
Det betyr og at det ikkje lenger blir noko Tussa Nett, eit selskap som i dag har forretningsadresse på Dragsund i Herøy. Den forretningsadressa er viktig for Herøy, sa Herøyordførar Arnulf Goksøyr på eigarmøtet i Tussa i dag, fredag 29. november.
Han vil at også det nye selskapet, Mørenett, skal ha forretningsadresse i Herøy.
To millionar i minus
Herøy er ei av kommunene som tidlegare hadde lågare arbeidsavgift, og no får kompensasjon på grunn av auka arbeidsgivaravgift. Kompensasjonen er knytt til forretningsadressa til selskapa. For Tussa Nett utgjer kompensasjonen til Herøy 1,95 millionar kroner for 2013.I realiteten er Tussa Nett si adresse i Dragsund ein formalitet, leiinga jobbar frå Ørsta. Men formaliteten er viktig for Herøy, understreka Goksøyr fleire gongar på eigarmøtet. Blir hovudkontoret i Ørsta, kjem mykje av den venta samanslåingsgevinsten for Herøy til å forsvinne.
- Det blir for dumt om dei ikkje kan finne ei løysing, seier Goksøyr til NETT NO.
Les også:
Uventa
Goksøyr sine opplysningar om konsekvensen av kva som blir forretningsadressa kom overraskande, både på styreleiar Gunnar Gjørtz og administrerande direktør Ellling Dybdal i Tussa.- Problemstillinga har ikkje vore diskutert internt i Tussa i det heile tatt, seier Dybdal.
Ørstaordførar Rune Hovde strekte ut ei hand til naboen.
- Heldigvis er det ikkje slik at Ørsta kan få desse pengane, for då hadde det blitt eit himla liv. La oss få litt tid, til å finne ut korleis vi skal handtere situasjonen, det skuldar vi Herøy, sa han.
Heldigvis er det ikkje slik at Ørsta kan få desse pengane, for då hadde det blitt eit himla liv
Publisert: 29.11.2013 14:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30