Gollenes 2
TRÅLAR: Gollenes-reiarlaget har bestilt ny pelagisk trålar ved Karstensens Skibsværft. Skisse: Karstensens
Nytt

Herøyværingar byggjer i Danmark

Karstensens Skibsværft i Skagen skal byggje ny pelagisk trålar.

17.06.2021

Karstensens Skibsværft opplyser på si heimeside at selskapet har gjort avtale med Herøy-selskapet Gollenes om å byggje ein ny pelagisk trålar.

Trålaren vert 69,96 meter lang og 14,80 meter brei.

Verftet opplyser at skroget kjem til Skagen i juni 2022, og båten skal vere klar for levering i mars 2023.

Båt nummer to
Dagens Gollenes vart bygt ved det same verftet i 2011. Den båten er 62,6 meter lang.

Båten er utrusta for pelagisk trål, men har i tillegg kvoter for makrell, lodde, sild og industrifisk.

Frode Kvalsvik er hovedeigar av Gollenes-reiarlaget med 41 prosent av aksjane.

Selskapet har ikkje levert årsrekneskap for 2020, men i 2019 hadde selskapet ei omsetning på 66,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på 21,5 millionar.

Publisert: 17.06.2021 08:23

Sist oppdatert: 17.06.2021 12:36

Mer om