Hevdar Roekke skipet maa byggast om
REKORDSKIP: Skipet Rev Ocean blir rekordstort og rekorddyrt. No kan det bli nødvendig å bygge om skipet for å gjere det lettare. 
Nytt

Hevdar Røkke-skipet må byggast om

Prestisjeskipet som Vard har under bygging er forseinka.

Marius Rosbach
29.09.2020

Det skal ha oppstått utfordringar med bygginga av Rev Ocean-skipet Kjell Inge Røkke har under bygging hos Vard.

Ifølgje Skipsrevyen skal det vere nødvendig å bygge eit nytt og lettare rorhus for å få skipet lettare. Det skal også ha vore eit rettsmøte mellom Vard og Rev Ocean, der verftet har fått ansvar for å gjere utbetringane. Det kan utfordre lønnsemda i prosjektet for verftkonsernet.

Vard vil ikkje kommentere innhaldet i saka til Skipsrevyen, og kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll viser til at dei ikkje kommenterer rykte, eller påstandar frå lukka kjelder.

Skulle vore ferdig på Vard i sommar
Då NETT NO var om bord i skroget ved Brattvåg-verftet tidlegare i år, blei det opplyst at Vard sitt arbeid med skipet etter planen skulle vere ferdig før sommaren. Etterpå skulle skipet vidare for siste utrusting i Tyskland.

Prosjektleiar Nina Jensen la likevel ikkje skjul på at dei var budd til å ta den tida dei trengde, for å få det resultatet dei ville ha.

I sommar blei det opplyst at arbeidet med skipet var forseinka, og Vard søkte om unntak frå karantenereglar, for ikkje å hamne meir bakpå. For kort tid sidan gjekk skipet for eigen maskin på dei første sjøprøvene.

Etterpå skulle skipet til Langsten for «den neste byggefasen», opplyste Rev Ocean på sin Facebook-side i slutten av august.

Verdas største yacth og forskingsskip
Det 183 meter lange fartøyet blir truleg eit av verdas dyraste skip. Når det er ferdig skal vere eit kombinert forskingsskip og yacht – begge delar størst av sitt slag.

Skipet skal koste kring tre milliardar kroner, og Røkke sin plan var å ha skipet i drift i 2021. Rev Ocean var eitt av tre nominerte til 'Ship of the Year'-kåringa til Skipsrevyen tidlegare i år, men den prisen gjekk til Rostien sin brønnbåt Ro Vision.


Publisert: 29.09.2020 23:47

Sist oppdatert: 03.02.2022 22:43