Nytt
Hexagon-aksjar for 2,3 milliardar
Knut Flakk og familien sit med Hexagon-aksjar for 2,3 milliardar kroner, etter kraftig oppgang for både Hexagon Purus og Hexagon Composites i dag.
07.01.2021
Hexagon Purus har stige over 17 prosent sidan børsslutt i går og er dagens vinnar på Oslo Børs. Kursen då børsen stengte for dagen var 67,90 kroner per aksje, som verdset heile selskapet til 15,6 milliardar kroner.
Hexagon Composites steig 8,3 prosent. Kursen då børsen stengte var kursen 60,20 kroner per aksje, som verdset heile selskapet til 12,1 milliardar kroner.
For begge selskapa er dagens kurs rekordhøg.
Hexagon Composites skilde ut og børsnoterte datterselskapet Hexagon Purus i fjor haust for å reindyrke satsinga på hydrogenmarknaden i Hexagon Purus, og få verdipotensialet i hydrogensatsinga betre fram i lyset. Dagens børsoppgang tyder på at det var ein velllukka strategi.
Denne artikkelen et oppdatert då Oslo Børs stengte handelen for dagen.
Etter børsnoteringa eig Hexagon Composites 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Investorar som gjekk inn med 750 millionar kroner i ny kapital før børsnoteringa eig 13,5 prosent av aksjane. Resten av aksjane i Hexagon Purus, 11,5 prosent, blei tildelt aksjonærane i Hexagon Composites, etter kor stor eigarandel dei hadde. Det betyr at Flakk-familien også eig knappe to prosent av aksjane i Hexagon Purus direkte, ein aksjepost som i dag er verdsett til 300 millionar kroner.
Før kapitalutvidinga i Hexagon Purus i fjor haust vart selskapet verdsett til 5,5 milliardar kroner.
Kapitalutvidinga vart kraftig overteikna, og då selskapet hadde sin første dag på Oslo Børs 14. desember 2020 vart selskapet verdsett til 9,2 milliardar kroner.
Hexagon Composites steig 8,3 prosent. Kursen då børsen stengte var kursen 60,20 kroner per aksje, som verdset heile selskapet til 12,1 milliardar kroner.
For begge selskapa er dagens kurs rekordhøg.
Hexagon Composites skilde ut og børsnoterte datterselskapet Hexagon Purus i fjor haust for å reindyrke satsinga på hydrogenmarknaden i Hexagon Purus, og få verdipotensialet i hydrogensatsinga betre fram i lyset. Dagens børsoppgang tyder på at det var ein velllukka strategi.
Denne artikkelen et oppdatert då Oslo Børs stengte handelen for dagen.
Stor aksjonær
Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites der han og familien eig tilsaman 16,85 prosent av aksjane gjennom fem ulike selskap. Dei er nest største aksjonær, etter japanske Mistui & Co LTD. Med dagens aksjekurs er Hexagon Compositets-aksjane til Flakk verdt to milliardar kroner.Etter børsnoteringa eig Hexagon Composites 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Investorar som gjekk inn med 750 millionar kroner i ny kapital før børsnoteringa eig 13,5 prosent av aksjane. Resten av aksjane i Hexagon Purus, 11,5 prosent, blei tildelt aksjonærane i Hexagon Composites, etter kor stor eigarandel dei hadde. Det betyr at Flakk-familien også eig knappe to prosent av aksjane i Hexagon Purus direkte, ein aksjepost som i dag er verdsett til 300 millionar kroner.
Hydrogen-løft
Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen.Før kapitalutvidinga i Hexagon Purus i fjor haust vart selskapet verdsett til 5,5 milliardar kroner.
Kapitalutvidinga vart kraftig overteikna, og då selskapet hadde sin første dag på Oslo Børs 14. desember 2020 vart selskapet verdsett til 9,2 milliardar kroner.
Publisert: 07.01.2021 16:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11