David Bandele
REFINANSIERER: Gjelda er den same, men den nye finansieringa er billegare og meir fleksibel for Hexagon Composites seier finansdirektør David Bandele. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hexagon Composites refinansierer

Bytter obligasjonslån med banklån.

09.12.2021

Hexagon Compositets har inngått ein avtale som sikra selskapet 1,7 milliardar kroner i bankfinansiering.

1,1 milliardar blir brukt til å betale tilbake eit obligasjonslån som har forfall i 2023.

Det melder selskapet i to børsmeldingar.

Les den eine meldinga her og den andre her.

Finansdirektør David Bandele seier selskapet ha hatt ein kombinasjon av bank- og obligasjonslån på 1,7 milliardar kroner, som no blir erstatta med berre bankfinansiering. Det er billegare og meir fleksibelt for selskapet, ifølgje Bandele.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som energikjelde. Produkta til selskapet omfattar alt frå små berbare gasstankar som nordmenn kjenner frå gassgrillar, til store flyttbare gasstankar til bruk ved anlegg og industribedrifter der det ikkje er eit utbygd gassleidningsnett tilgjenleg.

Flakk-familien er nest største aksjonær og selskapet har hovudkontor i Ålersund. Hexagon Compositets er også største eigar i børnoterte Hexagon Purus, som lagar tilsvarande produkt for bruk av hydrogen som energiberar.

Publisert: 09.12.2021 13:00

Sist oppdatert: 09.12.2021 13:00