Hexagon Composites-sjefen går av
Jon Erik Engeset sluttar etter 11 år.
Jon Erik Engeset går av som administrerande direktør i Hexagon Composites etter meir enn ti år i rolla.
– Eg har behov for å prioritere familien framover. Eg vil vere med selskapet vidare i ei rådgivarrolle, men kanskje ikkje på fulltid, seier han til Nett No.
Engeset skal halde fram i stillinga til ein ny sjef er på plass.
Vekst
Engeset har vore sjef for Hexagon Composites i 11 år. I 2013 hadde Hexagon Composites 1,3 milliard kroner i inntekter, i 2023 var dei på 5,3 milliardar.
Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde. Hexagon Purus, Der Hexagon Composites lagar tilsvarande for hydrogen. Hexagon Purus vart skilt ut som eit eige selskap og børsnotert i Engeset si sjefsperiode.
– Etter 11 år ved roret har Jon Erik Engeset bestemt seg for å trekke seg. Under hans leiing har konsernet gått gjennom store endringar. Selskapet har lukkast med å gå frå å først og fremst vere ein produsent av sylindrar til å bli ein leverandør av intergrerte drivstoffløysingar. Driftsinntektene har blir meir enn fem gangar større og selskapet har oppnådd leiande posisjonar i den internasjonale marknaden. Vi takkar Jon Erik for lidenskapen og leiarskapet har har vist - og viser - kvar dag i sitt arbeid her hos Hexagon, seier styreleiar og medeigar Knut Flakk i børsmeldinga.
Opp og nedtur
Aksjekursen i Hexagon Composites har vore gjennom både opp og nedturar med Engeset ved roret (sjå grafikk over).
I august 2013, då Engeset byrja i selskapet, passerte kursen 10 kroner aksjen. I deler av januar og februar var kursen over 50 kroner aksjen, løfta opp av ei stemningsbølge i aksjemarknaden for alt som kunne kallast grønt. Då var det Hexagon Composites sin store eigarpost i Hexagon Purus som vart høgt verdsett på børsen.
Publisert: 16.04.2024 08:30
Sist oppdatert: 16.04.2024 11:00