Hexagon inn i batterimarknaden
BÅDE OG: Hexagon Composites har utvikla ein batteripakke. Den kan kombinerast med natur- eller hydrogengassdrift, seier konsernsjef Jon Erik Engeset.
Nytt

Hexagon inn i batterimarknaden

Hexagon Composites har lansert sin eigen batteripakke for store køyrety. Skal ha ein fot innanfor marknaden for hybride framdriftssystem.

08.05.2019
Avgjerda om at naturgass-og hydrogentank-produsenten skulle utvikle og bygge sin eigen batteripakke vart teken for 16 månadar sidan. Det er snakk om ei investering på rundt 10 millionar dollar (cirka 90 millionar kroner) og eit forventa sal på 100 millionar kroner i år, i følgje konsernsjef Jon Erik Engeset i Hexagon Composites.
Batteripakken er utvikla i samarbeid med kunden Daimler Trucks North America og bakgrunnen for avgjerda om å utvikle ein batteripakke er uvissa om kva som blir energikjelda for køyrety i framtida.
Hexagon Composites trur på ein kombinasjon av elektrisitet og andre energikjelder.
- Vi har heile tida meint at det vil vere ein miks, seier Engeset.

Kombinasjon

Batteripakken kan brukast i kombinasjon med både naturgass og hydrogen slik at køyretya får eit hybrid framdriftssystem. I ein hydrogenbil blir hydrogen uansett brukt til å produserer straum som driv dei elektriske motorane, men i kombinasjon med eit stort nok batteri kan køyretyet gå berre på straum i periodar.
Batteripakkane er utvikla og blir førebels produsert ved Hexagon Composites sitt anlegg i British Columbia i Canada. Om etterspørselen blir stor nok kan produksjonen blir flytta til selskapet sin fabrikk i North Carolina i USA.

Børsrekord

Aksjekursen i Hexagon Composites nådde ny rekord etter at selskapet la fram resultatet for 1. kvartal 2019 før børsen opna i dag, onsdag 8. mars.

Klokka 11:37 var kursen 42,65 kroner pr. aksje, opp 5,57 prosent frå sluttkursen i går. Den kursen verdset selskapet til 7,7 milliardar kroner.
Hexagon Composites lagar naturgasstankar og hydrogengasstankar i komposittt, frå store mobile lagertankar for mindre gasskraftanlegg, drivstoffankar for lastebilar, bussar og personbilar og små bærbare tankar nordmenn først og fremst kjenner frå gassgrillar.
Selskapet har hovudkontor i Ålesund. Knut Flakk og familiemedlemer er nest største aksjonær i selskapet, med tilsaman 20,05 av aksjane. Med dagens kurs er aksjeposten verdt 1,6 milliardar kroner.

Hydrogenløft

Det er satsinga på hydrogentankar, og at hydrogen skal bli eit viktig drivstoff i bilar og lastebilar, som har løfta aksjekursen i Hexagon Composites i år.
Selskapet har varsla store underskot på hydrogensatsinga både i år og neste år, før det blir pluss i 2021.

Vi har heile tida meint at det vil vere ein miks

Publisert: 08.05.2019 12:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34