Morten Holum Hexagon Purus
AVTALE: Hexagon Purus-sjef Morten Holum har signert ein langsiktig avtale med ein europeiske bussprodusent.
Nytt

Hexagon-kontrakt for 300 millionar

Skal levere hydrogentankar til bussprodusent.

22.11.2021

Hexagon Purus og ein ikkje namngitt europisk bussprodusent har inngått ein langsiktig avtale om at Hexagon Purus skal forsyne produsenten med hydrogentankar og -system.

Leveringane skal skje i åra 2021-2024 og avtalen er anslått å gi Hexagon Purus oppdrag for til saman 300 millionar kroner, skriv Hexagon Purus i ei børsmelding.

Produsenten skal bruke tankane i ein ny generasjon bussar, ein på 12 og ein på 18 meter, som skal ha brenselceller med hydrogen som energiberar.

Artikkelen blir oppdatert

Børshopp
Børsmeldinga vart sendt ut klokka 09:15 i dag og resulterte i at aksjekursen steig frå 30,32 til 31,29 kroner per aksje.

Klokka 09:58 er kursen 31,62 kroner per aksje, som er opp 5,7 prosent frå kursen då børsen stengte fredag 19. november.

Den kursen verdset selskapet til 7,2 milliardar kroner.

Hexagon-selskap
Hexagon Purus blei skilt ut frå Hexagon Composites i fjor og børsnoterte i desember 2020.

På topp, i januar 2021, var aksjen verdsett til 82,1 kroner per aksje. Ved børsnotering var kursen 40 kroner per aksje.

Hexagon Composites - med Flakkfamilien som stor aksjonær - er største eigar i Hexagon Purus.

Hexagon Composites lagar tanker og system for bruk av naturgass som energikjelde, frå til anlegg og industri, lastebilar, bussar, bilar og ned til den berbare gasstanken nordmenn kjenner frå gassgrillar.

Hexagon Purus lagar tilsvarande for bruk av hydrogen som energiberar.

Publisert: 22.11.2021 09:32

Sist oppdatert: 22.11.2021 10:16

Mer om