Hexagon-kontraktar for 1,2 milliardar
Ein rammeavtale fra 2020 har så langt sikra Hexagon Composites oppdrag for 1,2 milliardar kroner.
Hexagon Composites signerte i juni 2020 ein rammeavtale om å levere tankar og anlegg for mindre og mellomstore lastebilar som brukar bio- eller naturgass som drivstoff. Avtalen er inngått med ein "global logistic customer", ifølgje børsmeldingar.
I dag offentleggjorde Hexagon Composites bestilling nummer 11 etter denne avtalen.
Den siste bestillinga har ein verdi på 242 millionar kroner og gjer at Hexagon Composites så langt har fått bestillingar på 1,2 milliardar kroner etter at rammeavtalen vart underteikna.
Produsert i USA
Hexagon Composites har hovudkontor i Ålesund, er børsnotert og har Flakk-familien i Ålesund som nest største aksjonær.
Gasstankane og drivstoffsystema til lastebilane blir produsert av det amerikanske datterselskapet Hexagon Agility og der er USA som er den viktigaste marknaden.
Hexagon Composites lagar og store, mobile gasstankar og små berbare gasstankar (kjent i Noreg for bruk til gassgrillar)
Størst i Hexagon Purus
Hexagon Composites er også største aksjonær i Hexagon Purus, som vart skilt ut frå Hexagon Composites i fjor og børsnotert.
Hexagon Purus lagar drivstofftankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar. I går varlsa Hexagon Purus om ein kontrakt på 20 millionar kroner for tankar og -system for hydrogendrivne lastebilar.
Publisert: 17.12.2021 08:42
Sist oppdatert: 17.12.2021 09:08