Nytt
Hexagon med kinesisk samarbeid
Inngår samarbeidsavtale med stor kinesisk aktør, og vil også innta marknaden i Søraust-Asia.
12.05.2020
Hexagon Composites opplyser i ei børsmelding tysdag at selskapet har inngått strategisk samarbeid og eit joint venture med selskapet Cimc Enric, som er eit leiande kinesiske selskap innanfor utstyr til energibruk.
Det kinesiske selskapet har hovedkvarter i Shenzhen, og er børsnotert i Kina.
Cimr Enric er datterselskap til China International Marine Containers, som er eit leiande globalt selskap for levering av transportløysingar. Dette selskapet er børsnotert både i Shenzhen og Hong Kong, har over 10.000 tilsette, og er også etablert i Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia og Canada.
Partane planlegg i fellesskap å etablere produksjonslokale for å handtere marknaden både i Kina og i Søraust-Asia.
Det vert vist til at Kina er den raskast veksande bilmarknaden med 28 millionar selde bilar årleg, og har sjølve sett som mål å vere leiande i fullelektriske bilar innan eit tiår.
Omlegginga til nullutsleppskøyretøy er eit resultat av behovet for å forrbetre luftkvaliteten og redusere CO2-utsleppa, i tillegg til å verte meir energiuavhengig gjennom å utnytte allereie stor tilgang til hydrogen i Kina.
Dei samarbeidande selskapa opplyser at målet er å signere avtalen om joint venture i tredje kvartal 2020 etter styregodkjenningar og due diligence.
Det er forventa at produksjonen innanfor den nye strukturen vil starte tidleg neste år. ifølgje .
Det kinesiske selskapet har hovedkvarter i Shenzhen, og er børsnotert i Kina.
Cimr Enric er datterselskap til China International Marine Containers, som er eit leiande globalt selskap for levering av transportløysingar. Dette selskapet er børsnotert både i Shenzhen og Hong Kong, har over 10.000 tilsette, og er også etablert i Nederland, Tyskland, Belgia, Storbritannia og Canada.
Vil starte produksjon
Hexagon opplyser at den nye alliansen vil vere tilpassa den raskt aukande kinesiske etterspørselen for trygge, lette og kostnadseffektive løysingar for lagring av hydrogen.Partane planlegg i fellesskap å etablere produksjonslokale for å handtere marknaden både i Kina og i Søraust-Asia.
Det vert vist til at Kina er den raskast veksande bilmarknaden med 28 millionar selde bilar årleg, og har sjølve sett som mål å vere leiande i fullelektriske bilar innan eit tiår.
Stort vekstpotensiale
Kinesiske styresmakter forvenar at salet vil auke frå 5.000 køyretøy neste år, til 50.000 i 2025 og til ein million i 2030, med fokus på bussar og bilar drivne på elektrisitet og brenselcelleteknologi.Omlegginga til nullutsleppskøyretøy er eit resultat av behovet for å forrbetre luftkvaliteten og redusere CO2-utsleppa, i tillegg til å verte meir energiuavhengig gjennom å utnytte allereie stor tilgang til hydrogen i Kina.
Dei samarbeidande selskapa opplyser at målet er å signere avtalen om joint venture i tredje kvartal 2020 etter styregodkjenningar og due diligence.
Det er forventa at produksjonen innanfor den nye strukturen vil starte tidleg neste år. ifølgje .
Publisert: 12.05.2020 08:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57