Hexagon med oppkjøpsavtale
Sikrar seg ny teknologi. Verdset oppkjøpskandidaten til over 140 millionar kroner.
Det austerrikske selskapet Cryoshelter utviklar tankar for å oppbevare flytande hydrogen og flytande naturgass.
No har Hexagon Purus avtalt å kjøpe 40 prosent av hydrogen-tankverksemda til Cryoshelter for 3,5 millionar Euro, 33 millionar kroner. Samstundes har Hexagon Composites avtalt å kjøpe 40 prosent av naturgass-tankverksemda for 2,5 millionar Euro, 24 millionar kroner. Avtalen verdset hydrogen- og naturgassverksemdene til Cryoshelter til 144 millionar kroner.
Kan overta alt
Som ein del av avtalen blir hydrogen- og naturgassverksemdene til Cryoshelter skilt ut i eigne selskap.
Begge Hexagon-selskapa har rett til å kjøpe seg opp til 100 prosent eigarskap, Hexagon Composites innen tre til ti år, Hexagon Purus innan fem til ti år.
Blir alle vilkår oppfylt skal kjøpet gjennomførast i tredje kvartal i år.
Les børsmelding frå Hexagon Purus her
Les børsmelding frå Hexagon Composites her
Hexagon Composites har Flakk-familien i Ålesund som nest største eigar, og Knut Flakk er styreleiar. Hexagon Composites eig 73,3 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Begge selskapa er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund.
Utvidar marknaden
Hexagon Composites og Hexagon Purus lagar drivstofftankar og -system for bruk av naturgass og hydrogen i gassform.
Cryoshelter har utvikla tankar for naturgass i flytande form, og utviklar tilsvarande tankar for hydrogen.
Gass i flytande form har meir energi i høve til volum enn i gass under trykk, som er ein fordel under transport.
Medan gass under trykk er det dominerande alternativet for lastebilmarknaden i Nord-Amerika er gass i flytande form dominerande i Europa og Hexagon Composites ventar aukande vekst i denne marknaden, i følgje børsmeldinga.
Teknologi-utvikling
For tankar for flytande hydrogen er det framleis utviklingsarbeid å gjere, og utviklingsarbeidet skal skje i eit samarbeid mellom Cryoshelter og Hexagon Purus, ifølgje børsmeldinga.
"Cryoshelter sin teknologi for tankar for flytande hydrogen er i ei tidleg utviklingsfase", heiter det i meldinga.
Publisert: 21.04.2022 07:47
Sist oppdatert: 21.04.2022 08:21