Nytt
Hexagon-opptur i hovudmarknaden
Hexagon Composites har vekst i sin viktigaste marknad, men hydrogensatsinga og redusert olje- og gassutvinning i USA trekkjer resultatet ned.
06.11.2020
Datterselskapet Agility Fuel Solutions lagar drivstofftankar og -system for lastebilar og bussar som går på naturgass. Produksjonen foregår i USA, som også er den viktigaste marknaden. Selskapet sto for 540 av dei 770 millionar kronene Hexagon Compositets hadde i driftsinntekter i 3. kvartal i år, og hadde eit driftsresultat på 66 millionar kroner. (Sjå resultattabell til høgre, nederst på sida om du les på mobil)
I andre kvartal var driftsinntektene til Agility Fuel Soulutions 409 millionar kroner og driftsresultatet minus fire millionar.
Hexagon Purus hadde 97 millionar kroner i driftsinntekter og minus 56 millionar kroner i driftsresultat i 3. kvartal.
Produksjon og sal av store flyttbare tankar til bruk på plassar der det ikkje er før fram gassleidningar er samla i forretningsområdet Hexagon Mobile Pipeline.
Selskap som driv utvinning av olje- og gass frå skiferformasjonar i USA er ein viktig kunde for Hexagon Mobile Pipeline. Med priskrigen på olje og koronaepeidemien på toppen har olje- og gassutvinninga frå skiferformasjonane falle, og det går ut over salet til Hexagon Composites. I første kvartal 2020 var driftsinntektene til dette forretningområdet 129 millionar kroner, i 2. og 3. kvartal høvesvis 56 og 57 millionar kroner. Begge dei to siste kvartala gav minus på drifta, minus 28 millionar i 2. kvartal, minus 20 millionar i 3. kvartal.
Avtalen om batteripakkar er med Toyotaselskapet Hino Trucks, som utviklar batteridrivne og brenselcelledrivne lastebilar (Brenselcelledrivne bilar brukar hydrogen som drivstoff for å lage straum til elmotorane). Avtalen omfattar leveransar av batteripakkar og -system til tre lastebilar.
Det er Hexagon-selskapet Hexagon Purus som skal levere batteripakkane. Selskapet er partnar i utviklingsprosjektet, med håp om at ei vellukka utvikling skal gi oppdrag når bilane kjem i vanleg produksjon.
Hexagon Purus har også inngått ein avtale med Stadler Rail om å lever hydrogengasstankar til det første hydrogendrivne pendlartoget i USA.
I andre kvartal var driftsinntektene til Agility Fuel Soulutions 409 millionar kroner og driftsresultatet minus fire millionar.
Hydrogen-minus
Satsinga på drivstofftankar for hydrogen er samla i datterselskapet Hexagon Purus, som Hexagon Composites arbeider med å skille ut og få børsnotert på Merkur Market på Oslo Børs.Hexagon Purus hadde 97 millionar kroner i driftsinntekter og minus 56 millionar kroner i driftsresultat i 3. kvartal.
Produksjon og sal av store flyttbare tankar til bruk på plassar der det ikkje er før fram gassleidningar er samla i forretningsområdet Hexagon Mobile Pipeline.
Selskap som driv utvinning av olje- og gass frå skiferformasjonar i USA er ein viktig kunde for Hexagon Mobile Pipeline. Med priskrigen på olje og koronaepeidemien på toppen har olje- og gassutvinninga frå skiferformasjonane falle, og det går ut over salet til Hexagon Composites. I første kvartal 2020 var driftsinntektene til dette forretningområdet 129 millionar kroner, i 2. og 3. kvartal høvesvis 56 og 57 millionar kroner. Begge dei to siste kvartala gav minus på drifta, minus 28 millionar i 2. kvartal, minus 20 millionar i 3. kvartal.
Nye avtalar
Hexagon Composites offentleggjorde to nye avtalar i dag. Selskapet skal levere batteripakkar til Toyota-lastebilar og hydrogentank til pendlartog i USA.Avtalen om batteripakkar er med Toyotaselskapet Hino Trucks, som utviklar batteridrivne og brenselcelledrivne lastebilar (Brenselcelledrivne bilar brukar hydrogen som drivstoff for å lage straum til elmotorane). Avtalen omfattar leveransar av batteripakkar og -system til tre lastebilar.
Det er Hexagon-selskapet Hexagon Purus som skal levere batteripakkane. Selskapet er partnar i utviklingsprosjektet, med håp om at ei vellukka utvikling skal gi oppdrag når bilane kjem i vanleg produksjon.
Hexagon Purus har også inngått ein avtale med Stadler Rail om å lever hydrogengasstankar til det første hydrogendrivne pendlartoget i USA.
Publisert: 06.11.2020 08:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04