Hexagon Purus-tala for 3. kvartal viser nok eit kvartal med kraftig inntektsvekst. Lønsemda er også betra, men selskapet har framleis tresifra millionunderskot. (Sjå tabell)
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, i industri, bussar, lastebilar og skip.
Om hydrogenet er produsert med straum frå fornybare energikjelder er det ein energiberar som ikkje gir utslepp av CO2.
Selskapet lagar og batteriløysingar.
Hovudkontoret ligg i Ålesund og Hexagon Compositets er største aksjonær. Fabrikkane lig gi Europa og Nord-Amerika.
Mindre fart enn venta
Tidlegare i år henta Hexagon Purus inn ein milliard kroner i ny eigenkapital, som skal finansiere vekst for selskapet, fram til lønsam drift.
Hexagon Purus blei børsnotert i desember 2020, då optimismen rundt denne typen selskap var stor. Overgangen frå fossile energikjelder, som olje og gass, og over til til dømes hydrogen, går imidlertid ikkje så raskt som venta.
"Vi opererer i ein usikker marked, der det er vanskeleg å spå etterspørselen framover..Nyheitbiletet rundt energiomstillinga framstårs om utfordrande, med betydelege forseinkinger i grøne hydrogenprosjekt, nullutsleppsmobilitet og naudsynt utvikling av infrastruktur. Energiovergangen går framover, om enn i mykje saktare tempo enn venta for nokre år sidan", skriv administrerande direktør Morten Holum i Hexagon Purus i kvartalsrapporten.
Selskapet er også usikker på kva effekt det vil få at Donald Trump vann presidentvalet i USA og overtek presidentembetet like etter årsskiftet.
Trump sin valsiger har auka uvissa om korleis marknaden for utsleppsfri energi vil utvikle seg i Nord-Amerika, skriv styret i kvartalsrapporten.
Ventar pluss i 2026
Driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebtida) har vore positiv i to kvartal på rad for selskapet si verksemd i Europa.
– Nord-Amerika leverer for eksempel ikkje eit stort nok volum enda. Det kjem i 2025, sa administrerande direktør Morten Holum til Nett No etter den vellukka kapitalutvidinga i oktober.
I 2026 ventar selskap eit positivt driftsresultat før av- og nedskrivingar for heile selskapet og også ei positiv kontantstraum (meir pengar inn enn ut), sa Holum.
Hexagon Purus ASA | ||
Per 3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 1479,5 | 954,0 |
Driftsresultat | -394,0 | -414,0 |
Resultat før skatt | -542,1 | -504,0 |
Hexagon Purus ASA | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Driftsinntekt | 544,0 | 380,5 |
Driftsresultat | -106,2 | -154,3 |
Resultat før skatt | -151,2 | -199,4 |
Publisert: 28.11.2024 08:18
Sist oppdatert: 28.11.2024 23:42