Morten Holum foto Oslo Børs skjermdump
KJØPER: Hexagon Purus-sjef siktar mot å innlemme ein tysk fabrikk i Hexagon Purus. Illustrasjon: Skjermdump frå Oslo Børs.
Nytt

Hexagon Purus kjøper tysk fabrikk

Wystrach Gmbh blir ny stor aksjonær i Hexagon Purus gjennom oppkjøpet.

30.09.2021

Wystrach Gmbh er eit tysk selskap som lagar system for å pakke saman fleire gasstankar, til bruk som drivstoff eller oppvarming.

Hexagon Purus lagar tankar - og system for bruk av hydrogen som energikjelde.

Går alt etter planen blir avtalen om at Hexagon Purus blir ny 100 prosent eigar av aksjane signert i løpet av fjerde kvartal.

Wystrach sine løysingar gjer det lettare å frakte og lagre gass, og vil gjere Hexagon Purus til ein meir komplett leverandør av hydrogentankar og -system, ifølgje ei børsmelding.

Les børsmelding her

Halv milliard
Wystrach Gmbh er verdsett til ein halv milliard kroner i avtalen.

35 prosent av kjøpesummen skal gjerast opp i aksjar i Hexagon Purus til kurs 33,4 kroner per aksje.

Kursen før børsopning i dag er 28,10 kroner per aksje.

Wystrach Gmbh-aksjonærane må binde seg til å sitte med Hexagon Purus-aksjane sine i inntil tre år. Ein del av aksjane kan seljast etter eit år, ein del etter to og resten etter tre år.

Hexagon Composites er største eigar i Hexagon Purus. Begge selskapa er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund og Flakk-familien som stor aksjonær.

Publisert: 30.09.2021 08:37

Sist oppdatert: 30.09.2021 08:41

Mer om