Hexagon Purus gjekk med over 1,5 milliardar kroner i underskot i 2025 (sjå tabell under). Trass etter å ha kutta talet på tilsette med omlag ein tredjedel, er inntektene ikkje høge nok til å gå med overskot.
Det går fram av kvartalsrapporten per 4. kvartal 2025, som er lagt fram tysdag.
Les børsmelding her (ekstern lenke)
Rammevilkår endra
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og leverer også battteriløysingar. Om hydrogen er produsert av atomkraft eller fornybare energikjelder, er hydrogen ein energiberarar som ikkje gir utslepp av CO2.
Problemet for bedrifter som Hexagon Purus, er at dei har vore avhengige av politisk vedtekne rammevilkår for å hjelpe dei fram.
Med Donald Trump sitt comeback som president i USA, vart dei rammevilkåra negativt endra.
Ordreinngang er for låg
Per i dag har Hexagon Purus ikkje stor nok ordreinngang til å gå med overskot. Dette skriv selskapet i kvartalsrapporten:
«Ordrereserven for første kvartal 2026 legg opp til eit framleis høgt aktivitetsnivå i første kvartal, sjølv om det er lågare enn i fjerde kvartal 2025. Dei noverande salsspora og kundedialogane gir grunn til optimisme òg for resten av 2026, sjølv om marknadsvolatilitet og regulatorisk uvisse gjer at etterspurnadsbiletet er uklart og prognosar uvanleg utfordrande. Med dagens aktivitetsnivå ligg ordreinngangen framleis under lønsemdsnivået. Å oppnå lønsemd er difor avhengig av ein vedvarande betring i ordreinngangen».
Hexagon Purus sin største aksjonær er Hexagon Compositets, med 34,6 prosent av aksjane. Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde.
| Hexagon Purus ASA | ||
| Per 3. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 1143,9 | 1875,8 |
| Driftsresultat | -1157,3 | -910,6 |
| Resultat før skatt | -1536,6 | -1211,7 |
| Hexagon Purusa ASA | ||
| 3. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 468,1 | 396,3 |
| Driftsresultat | -442,2 | -516,6 |
| Resultat før skatt | -510,1 | -669,6 |
Publisert: 10.02.2026 11:52
Sist oppdatert: 10.02.2026 21:10






