Hexagon Purus over ni milliardar
BØRSRAKETT FØRSTE DAG: Morten Holum er sjef for Hexagon Purus, som i dag blei tatt opp til notering på Oslo Børs. Jobben hans blir å vise at Hexagon Purus kan få ei lønsemd som forsvarar ei verdsetting på ni milliardar kroner.
Nytt

Hexagon Purus over ni milliardar

Hexagon Purus steig frå 27,30 til 40 kroner pr. aksje første børsdag.

30.12.2020
Dagen i dag blei ein festdag for aksjonærane i Hexagon Purus - med Hexagon Composites i Ålesund som den største. Då Oslo Børs stengte handelen var kursen på Hexagon Purus-aksjane 40 kroner.
Det er ein verdiauke på over 46 prosent, samanlikna med kursen ved kapitalinnhentinga i starten av desember i år, og verdset selskapet til 9,2 milliardar kroner.
Då fekk investorane som skaut inn 750 millionar kroner i ny eigenkapital 13,5 prosent eigarandel i Hexagon Purus, til ein kurs på 27,30 kroner pr. aksje.

Overteikna

Kapitalinnhentinga tidleg i desember var kraftig overteikna.
Det betyr at langt fleire ville investere, enn dei som fekk bli med. Kursstigninga i dag stadfesta at interessa framleis er stor.
I dag blei Hexagon Purus tatt opp til notering på børsen med den tradisjonelle seremoni utanfor børsbygingen, der Hexagon Purus-sjef Morten Holum markerte starten på dagen med å ringe i bjella.

75 prosent

Hexagon Purus er eit datterselskap av børsnoterte Hexagon Composites i Ålesund, som er skilt ut frå Hexagon Compositets og har blitt eit eige børsnotert selskap.
Ein av grunnane til at Hexagon Composites skilde ut Hexagon Purus var å få fram verdiane i hydrogensatsinga.
Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen.
Hexagon Composites skal eige 75 prosent av aksjane ved børsnotering, medan dei over 5000 eksisterande aksjonærane i Hexagon Composites får utdelt restane av aksjane - 11,5 prosent - i Hexagon Purus, etter kor stor andel dei eig i Hexagon Composites.

Flakk-familien nest størst

Knut Flakk og familien er nest største aksjonær i Hexagon Composites, med 14,3 prosent av aksjane.
Hexagon Composites blei handla til 56,80 kroner pr. aksje ved børsslutt i dag. Det verdset selskapet til 11,5 milliardar kroner.
Hittil høgaste kurs Hexagon Composites er handla for er 60,45 kroner pr. aksje. Den handelen skjedde 1. desember i år.

Publisert: 30.12.2020 12:02

Sist oppdatert: 23.12.2022 08:54