Nytt
Hexagon Purus overteikna
Interessa for Hexagon Purus-aksjar var så stor at investorane sto i kø.
04.12.2020
- Det vart mange gangar overteikna, seier konsernsjef Jon Erik Engeset i Hexagon Composites.
Kapitalutvidinga verdsette Hexagon Pursus til 5,5 milliardar kroner. Etter kapitalutvidinga er verdien 6,3 milliardar kroner.
Hexagon Purus er eit datterselskap i Hexagon Composites, som no er i ferd med å bli skilt ut frå Hexagon Compositets og bli eit eige børsnotert selskap.
Invitasjonen til investorane var å skyte inn inntil 750 millionar kroner i ny eigenkapital i Hexagon Purus, til ein aksjekurs mellom 24,8 og 27,3 kroner pr aksje.
Den lavaste aksjekursen ville gitt investorane 15 prosent andel i selskapet.
Den høgaste - som det blei i denne kapitalutvidinga - gir investorane 13,5 prosent andel.
Hexagon Composites skal eige 75 prosent av aksjane ved børsnotering, medan dei over 5000 eksisterande aksjonærane i Hexagon Composites får utdelt restane av aksjane - 11,5 prosent - i Hexagon Purus, etter kor stor andel dei eig i Hexagon Composites.
Medan Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass som drivstoff og energikjelde, gjer Hexagon Purus tilsvarande for bruk av hydrogen.
Poenget med å skille ut hydrogensatsinga er mellom anna at Hexagon Composites-eigarane meiner dei får opp verdiane sine ved ei deling, samanlikna med å halde alt samla i eitt selskap, samstundes at dei to selskapa lettare kan reindyrke sine satsingar kvar for seg.

Publisert: 04.12.2020 09:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07