Hexagon skil ut hydrogen satsinga
DELER: Hexagon Compositets-sjef Jon Erik Engeset skil ut hydrogenverksemda.
Nytt

Hexagon skil ut hydrogen-satsinga

Hexagon Composites vil skille ut og børsnotere datterselskapet Hexagon Purus. Vil hente inn 800 millionar kroner.

03.12.2020
Hexagon Compositet har samla og reindyrka satsing på drivstofftankar og -system for hydrogen i selskapet Hexagon Purus.
No skal det skillast ut og bli eit eige børsnoterte selskap, der Hexagon Composites framleis skal vere ein stor, men ikkje einaste eigar.

I samband med utskillinga skal det hentast inn 800 millionar kroner i friske pengar i ei kapitalutviding retta mot utvalde norske investorar.
Hydrogensatsinga til Hexagon Composites er ikkje den største delen av verksemde til Hexagon Composites, men forventningane til hydrogenmarknaden er hovudårsaka til at aksjekursen i Hexagon Composties har stige over 38 prosent i år, og at selskapet no er verdsett til over ni milliardar kroner.
Hexagon Composites har hovudkontor i Ålesund og Flakk-familien er stor aksjonær.

Publisert: 03.12.2020 16:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01