Sparebank 1 Sogn og Fjordane har tidlegare i år meldt om gevinst på sal av aksjar i selskapet Frende Holding (148 millioner kroner i gevisnt) og ei verdistignining på eigarposten i Samarbeidande Sparebankar (63 millionar kroner).
Dette er hovudårsaka til rekordresultat for banken, ifølgje kvartalsrapporten per 3. kvartal.
Banken er også nøgd med den vanlege drifta og ser no og ein vekst i utlån i bedriftsmarknden igjen:
"Sjølv om resultatet er løfta av finansielle instrument og eingongshendingar er det også god utvikling i underliggande lønnsemd. Netto renteinntekter enda på 405 millionar kroner, ein auke på 26 million kroner frå 3. kvartal 2023 og ein auke på 11 millionar kroner frå førre kvartal. Banken har vekst i utlån til privatmarknad på 4,6 % siste 12 månadar. Banken har framleis låg vekst i utlån til bedriftsmarknaden, men ser ein auke i aktivitet og utlån siste kvartal og vekst siste 12 månadar er no på 2,5 %.", skriv banken i ei børsmelding om resultatet per 3. kvartal i år.
Sparebank 1 Sogn og Fjordane | ||
Per 3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 1586 | 1257 |
Resultat før tap | 1089 | 862 |
Resultat før skatt | 1985 | 848 |
Sparebank 1 Sogn og Fjordane | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2024 | 2023 |
Inntekt | 669 | 395 |
Resultat før tap | 487 | 254 |
Resultat før skatt | 492 | 225 |
Publisert: 30.10.2024 17:00
Sist oppdatert: 30.10.2024 17:43