Nytt
Hit strøymer turistane som aldri før
På Trandal har ein rekordbesøk etter ein sikkeleg koronasmell.
26.07.2020
- I staden for å setje oss ned og sture, bretta vi opp ermane og satsa. No ser det veldig bra ut.
Det seier Lenita Storeide, som driv Christian Gaard Bygdetun på Trandal i Hjørundfjorden saman med broren Daniel.
Her er det pub, gjestehus, serveringsstad og overnattingsstad for 30 i tillegg til å vere konsertscene for legendariske country- og bluesfestivalar.
- Alt såg lyst ut, vi hadde massevis av bestillingar og arrangement, og vi reiste difor på ferie til Tenerife for å lade batteria før ein hektisk sesong.
- Men vi var ikkje før komne heim før det small. I løpet av ei helg var alt avbestilt.
- I tillegg hadde vi reparert løda og gjort andre investeringar.
Ho sette seg ned for å diskutere situasjonen med Daniel og dei andre medhjelparane på Christian Gaard.
- Vi vart fort samde om at det hadde ikkje noko føre seg å sture. Vi valde difor å sjå framover, tenke ut nye konsept og gjere oss klare til at folk kunne reise igjen.
- 1. juni small det. Her kom plutseleg masse folk. Og deretter har vi ikkje sett oss tilbake.
Men no er planen å likevel arrangere konsertar og andre aktivitetar på scena etter at styresmaktene har opna opp for arrangement med opp til 200 tilskodarar.
Daniel Storeide seier at etter planen skal det vere eit arrangement med ‘Klypa’ - Kjell Bigset – i august, medan i september vert det to konsertar med Vassendgutane.
- I tillegg arbeider vi med å få til ein blueskonsert.
Daniel Storeide seier at med 200 tilskodarar vert det litt tilbake til slik det var i starten av Trandalblues og Trandalrock, arrangement som for alltid vil vere knytte til faren Frank Storeide.
- Eg trur dette vert veldig bra. Vi gler oss, før han må avgarde med skyssbåten og hente endå ei gruppe Trandal-gjestar.
Det seier Lenita Storeide, som driv Christian Gaard Bygdetun på Trandal i Hjørundfjorden saman med broren Daniel.
Her er det pub, gjestehus, serveringsstad og overnattingsstad for 30 i tillegg til å vere konsertscene for legendariske country- og bluesfestivalar.
Alt vart avbestilt
Lenita Storeide seier at årets sesong såg veldig bra ut, heilt fram til koronaen snudde alt på hovudet.- Alt såg lyst ut, vi hadde massevis av bestillingar og arrangement, og vi reiste difor på ferie til Tenerife for å lade batteria før ein hektisk sesong.
- Men vi var ikkje før komne heim før det small. I løpet av ei helg var alt avbestilt.
- 1. juni small det
Lenita Storeide seier at koronaen kom maksimalt uheldig ettersom ein nyleg hadde investert i ny skyssbåt til seks millionar kroner.- I tillegg hadde vi reparert løda og gjort andre investeringar.
Ho sette seg ned for å diskutere situasjonen med Daniel og dei andre medhjelparane på Christian Gaard.
- Vi vart fort samde om at det hadde ikkje noko føre seg å sture. Vi valde difor å sjå framover, tenke ut nye konsept og gjere oss klare til at folk kunne reise igjen.
- 1. juni small det. Her kom plutseleg masse folk. Og deretter har vi ikkje sett oss tilbake.
Vassendgutane og 'Klypa'
I mellomtida vart også dei planlagde blues- og countrykonsertane på Trandal avlyste, konsertar som ofte trekker rundt 1.000 besøkande.Men no er planen å likevel arrangere konsertar og andre aktivitetar på scena etter at styresmaktene har opna opp for arrangement med opp til 200 tilskodarar.
Daniel Storeide seier at etter planen skal det vere eit arrangement med ‘Klypa’ - Kjell Bigset – i august, medan i september vert det to konsertar med Vassendgutane.
- I tillegg arbeider vi med å få til ein blueskonsert.
Daniel Storeide seier at med 200 tilskodarar vert det litt tilbake til slik det var i starten av Trandalblues og Trandalrock, arrangement som for alltid vil vere knytte til faren Frank Storeide.
- Eg trur dette vert veldig bra. Vi gler oss, før han må avgarde med skyssbåten og hente endå ei gruppe Trandal-gjestar.
1. juni small det. Her kom plutseleg masse folk. Og deretter har vi ikkje sett oss tilbake
Publisert: 26.07.2020 05:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00