Hjartesukk om rekruttering til naeringslivet
STRANDA-ORDFØRAR: Jan Ove Tryggestad (Sp).
Nytt

Hjartesukk om rekruttering til næringslivet

Stranda-ordføraren uroa for manglande interesse hos dei unge til fleire yrkesfag.

Marius Rosbach
03.06.2020

Jan Ola Tryggestad (Sp) trekte opp manglande rekruttering til mange yrkesfag, som ei grunnleggande utfordring då fylkesutvalet behandla strategien for kvalitet i den vidaregåande utdanninga dei neste åra.

Fylkespolitikarane har fjerna fleire linjer i yrkesutdanninga på årets budsjett, og mellom anna Frp har ikkje gitt opp kampen for å få det omgjort. Sp-politikaren Tryggestad sa seg samd med Frp, om at det var eit mål ein burde vurdere.

– Sikrar ikkje lokalsamfunna

Men Tryggestad meinte det var andre ting som var viktigare – å sikre betre rekruttering til dei same linjene.

Sp-politikaren erkjente at det var eit paradoks at styresmaktene i koronakrisa nyttar store summar for karantenetiltak for utanlandsk arbeidskraft, samtidig som fylkeskommunen sparar på utdanningstilboda til norske ungdomar.

– Verdiskaping er avgrensa og vi bidreg til ei form for global utvikling der vi ikkje sikrar lokalsamfunna, sa han.

Få søkarar på fleire linjer

Fleire av linjene som blei debattert mot slutten av fjoråret, har hatt svært få søkarar, og Tryggestad påpeika at det ikkje hjelpt om politikarane haldt liv i tilbod, om dei ikkje lukkast med å få nye generasjonar til å utdanne seg til sveisarar, mekanikarar eller andre yrkesfag.

– Vi har gleppa på nokre heilt grunnleggjande forhold, og de er dei næringa vi har masse av i Møre og Romsdal, som vi ikkje greier å rekruttere folk til, sa Tryggestad.

Han viste mellom anna til maritim industri, mat- og restaurantfag og hotell- og servering – som døme på bransjar som sysselsett mange folk og som slit med rekruttering frå Norge, og nyttar mykje arbeidskraft frå utlandet.

Helste velkomen innspel frå bransjane

Tryggestad viste til Grillstad-leiinga, som hadde kome med eit tilbod om «skinkareise» til Italia for elevane som ville starte på matfag.

– Det er eit kjempegodt initiativ, sa han.

Han ønska velkomen fleire slike initiativ frå næringane og stilte spørsmål ved om dei hadde klart å vere tydelege nok om behovet.

Vi har gleppa på nokre heilt grunnleggjande forhold, og de er dei næringa vi har masse av i Møre og Romsdal, som vi ikkje greier å rekruttere folk til

Publisert: 03.06.2020 12:32

Sist oppdatert: 25.03.2021 14:18