Hjellegjerde selde tidlegare i år Internasjonal Møbel Gruppe (IMG) til Ekornes-konsernet for minst 400 millionar kroner.
I dag, torsdag 20. november, kjøpte Nils Gunnar Hjellegjerde 66.000 aksjar i Ekornes til kurs 80 kroner pr. aksje.
Hjellegjerde eigde ingen aksjar i Ekornes før han avtalte å selge IMG til Ekornes. Men før den endlege avtalen vart signert i august kjøpte han ein stor post i selskapet. Dagens kjøp er berre eit lite supplement til kjøpet som skjedde då.
Aksjekursen då han kjøpte storparten av aksjen var omlag den same som i dag, så langt har han ingen gevinst å snakke om.
Lang fartstid i møbelbransen, lyst til å vere medeigar i selskapet han skal arbeid for minst dei tre neste åra, og tru på verdistigning, ligg bak kjøpet i følgje Hjellegjerde.
Går det bra kan det bli enda meir. Ekornes og Hjellegjerde vart samde om kjøpsummen kan auka med 150 millionar kroner, dersom ein del avtale kriterium blir oppnådd.
- Går det som vi vonar så får eg dei pengane, seier Hjellegjerde.
- Det er spesielt produkt og marknadssida eg vil fokusere på, seier Hjellegjerde.
Han seier IMG er eit selskap som er prega av entreprenørkultur og vekst, og at det framover vil bli arbeidd med å få meir struktur i drifta.
- Vi har vist at den strategien vi har følgd har vore suksessrik. Det er ein god følelse, seier Nils Gunnar Hjellegjerde (47).
Sidan 2006 bygde han opp IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) til eit selskap med nesten 300 millionar kroner i driftsinntekter, tre fabrikkar i Asia og eit internasjonalt fotfeste for sine kvilestolar og sofagrupper.
Returen på den norske møbelscena smaka godt, vedgjekk han då avtalen med Ekornes vart kjent i desember ifjor.
- Pengar er ein ting, men det er også det å vise at dette kan eg få til, sa Hjellegjerde.
I dag, torsdag 20. november, kjøpte Nils Gunnar Hjellegjerde 66.000 aksjar i Ekornes til kurs 80 kroner pr. aksje.
46 millionar kroner
Etter kjøpet eig Hjellegjerde 566.000 aksjar i Ekornes. Det gjer han til 15. største eigar i selskapet. Aksjeposten er verdt rundt 46 millionar kroner med dagens aksjekurs.Hjellegjerde eigde ingen aksjar i Ekornes før han avtalte å selge IMG til Ekornes. Men før den endlege avtalen vart signert i august kjøpte han ein stor post i selskapet. Dagens kjøp er berre eit lite supplement til kjøpet som skjedde då.
Aksjekursen då han kjøpte storparten av aksjen var omlag den same som i dag, så langt har han ingen gevinst å snakke om.
Lang fartstid i møbelbransen, lyst til å vere medeigar i selskapet han skal arbeid for minst dei tre neste åra, og tru på verdistigning, ligg bak kjøpet i følgje Hjellegjerde.
Kan få 150 millionar kroner til
Nils Gunnar Hjellegjerde får i første omgang 400 millionar kroner for IMG. Noko av kjøpesummen har gått med til å kjøpe ut minoritetsaksjonærar, men mesteparten går til han.Går det bra kan det bli enda meir. Ekornes og Hjellegjerde vart samde om kjøpsummen kan auka med 150 millionar kroner, dersom ein del avtale kriterium blir oppnådd.
- Går det som vi vonar så får eg dei pengane, seier Hjellegjerde.
Tre års binding
Nils Gunnar Hjellegjerde har forplikta seg til å arbeide med IMG for Ekornes i tre år framover.- Det er spesielt produkt og marknadssida eg vil fokusere på, seier Hjellegjerde.
Han seier IMG er eit selskap som er prega av entreprenørkultur og vekst, og at det framover vil bli arbeidd med å få meir struktur i drifta.
Revansj
Etter svake resultat og hard maktkamp i Hjellegjerde fekk Nils Gunnar Hjellegjerde nok, og gjekk av våren 2001.- Vi har vist at den strategien vi har følgd har vore suksessrik. Det er ein god følelse, seier Nils Gunnar Hjellegjerde (47).
Sidan 2006 bygde han opp IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) til eit selskap med nesten 300 millionar kroner i driftsinntekter, tre fabrikkar i Asia og eit internasjonalt fotfeste for sine kvilestolar og sofagrupper.
Returen på den norske møbelscena smaka godt, vedgjekk han då avtalen med Ekornes vart kjent i desember ifjor.
- Pengar er ein ting, men det er også det å vise at dette kan eg få til, sa Hjellegjerde.
Går det som vi vonar så får eg dei pengane
Publisert: 20.11.2014 15:38
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39