Fleire har peika på behovet for ei ny retning og giv i maritim politikk. Nett No har spurt sentrale aktørar kva dei meiner bør gjerast.
- Nett No har spurt ein reiar, utstyrsleverandør, verftseigar og sjef for designarselskap om kva ønsker dei har frå politikarane. Dette er andre artikkel.
Satsing på bygging av forsvarsskip som fleire nasjonar kan vere interessert i å kjøpe, eit klimafond for omlegging til lågare utslepp og eit skatteforlik er mellom dei største ønska til politikarane frå Tore Ulstein.
Han er styreleiar i Ulstein Group og medeigar i familiekonsernet saman med søskena sine.
Skipsbyggjarkonsernet har store forhåpningar om å sikre seg oppdrag med å bygge nye skip til Forsvaret.

– Må klare å kople fri den maritime plattforma
Men for at Norge skal få utnytta potensialet som ligg i desse kontraktane, meiner Ulstein det må gjerast fleire grep.
– Vi må klare å kople fri den maritime plattforma for desse fartøya frå toppsida - som kan vere våpensystema som skal om bord, seier han til Nett No.
– Då vil ein ha ein kommersiell skipsplattform og ein påbygging med militært utstyr. Berre slik er det mogleg å oppnå skikkeleg konkurranse om å utvikle ei løysing som er attraktiv og konkurransedyktig – og aktuell for andre aktørar i NATO, legg han til.
Utan ei slik deling mellom ein sivil og militær del, meiner Ulstein det i realiteten berre er Kongsberg-konsernet som har moglegheit til å levere eit fullstendig anbod.

Trur på gjenkjøpsavtale med britane
Ulstein Group har avtalt med Larsnes Mek. Verksted at dei kan samarbeide om å bygge dei standardiserte fartøya som skal kjøpast inn i løpet av dei neste åra.
Sunnmøringane hadde også samarbeid med tyske Thyssenkrupp om å bygge fregattar – men Norge valde som kjent å kjøpe desse skipa frå Storbritannia.
Ulstein trur likevel at dei kan hauste frukter frå fregattavtalen med britane.
– Ein bør kunne få til ein gjenkjøpsavtale om standardfartøy med Storbritannia basert på fregattavtalen. Men då må vi sørge for å utvikle noko som er konkurransedyktig, gjentek han.

Han understrekar at Storbritannia er strategisk svært viktige i NATO, og at eit slikt samarbeid kan utløyse ordrar på fartøy frå fleire nasjonar.
– Då kunne vi brukt næringslivet i maritim sektor til å levere ein verkeleg god maritim plattform – for det er vi gode på. Og auke verdiskapinga to-tre gonger, seier Ulstein.
Meiner CO2-fond kan få opp tempoet
Eit CO2-fond som kan nyttast til å legge om til lågutsleppsløysingar har vore på verfta sin ønskeliste i fleire år.
Det var framleis med då ein samla norsk verftsbransje kom med ein felles appell om politisk handling no i august.
– Vi meiner framleis det ville vore eit godt og viktig verkemiddel for å få ned utsleppa. Det kunne hjelpa til med å få implementert ny teknologi. Vi hadde ei slik ordning på NOX, som fungerte, påpeiker Ulstein.
– Ei tilsvarande ordning på CO2 meiner vi er viktig for å akselerere omlegginga til lågutslepp og endeleg nullutslepp, i staden for at politikarane skal legge føringar for teknologien, legg han til.
Utforskar bruk av kjernekraft
Ulstein meiner det framleis er usikkert kva som vil vere den beste teknologien for å kutte utslepp på lang sikt.
– Difor treng vi truleg å pilotere, teste litt og lære rask. Også ta med oss det vidare når vi bygger i framtida, seier han.
Det er utvikla fleire hydrogen- og ammoniakkdrivne skip, men førebels er det berre bygd nokre få fartøy.
Ulstein Group har mellom anna utforska bruk av kjernekraft om bord. I fjor fortalde sjefdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg hos Ulstein at regelverket var det største hinderet – og ikkje teknologien.
Kryssar fingrane for skatteforlik
Tore Ulstein og søstera Gunvor har vore tydelege stemmer i skattedebatten den siste regjeringsperioden.
Begge meiner at skatterekninga for norske eigarar er blitt så høg at det hemmar sjansane til å utvikle skipsbyggjarkonsernet slik dei ønsker.

No kryssar Tore Ulstein fingrane for at det kjem eit tverrpolitisk skatteforlik på bordet.
– Det treng vi, men eg ser at det kjem til å bli krevjande, seier han og viser til at Ap-regjeringa må forhandle både til venstre og høgre.
– Det blir spennande å sjå kva som er mogleg å få fleirtal for heilt frå Raudt og SV på den eine sida og til Frp på den andre sida, seier han.
– Samtidig er eg livredd for at Støre sine forhandlingar med dei fire partia om budsjetta vil bli veldig dyrt.
Publisert: 02.10.2025 05:00
Sist oppdatert: 01.10.2025 22:49






