Hjellegjerde ligg an til 150 Ekornes millionar ekstra
LIGG GODT AN: Oppkjøpet av IMG skulle sikre Ekornes eit nytt bein og stå på, og gi innpass i nye marknadar. Hittil har IMG meir enn innfridd forventingane, og de kan gi selgaren, Nils Gunnar Hjellegjerde, 150 millionar kroner ekstra i betaling.
Nytt

Hjellegjerde ligg an til 150 Ekornes-millionar ekstra

Så langt ligg Nils Gunnar Hjellegjerde godt an til å få 150 millionar kroner ekstra for salet av møbelverksemda si til Ekornes.

19.02.2015
Då tidlegare Hjellegjerde-sjef Nils Gunnar Hjellegjerde sa ja til å selge Internasjonal Møbel Gruppe (IMG) til Ekornes ifjor, avtalte dei at betalinga skulle delast i to.
I første omgang fekk seljarane, der Hjellegjerde som den klart største aksjonæren 389,4 millionar kroner i betaling.
Resten, inntil 150 millionar kroner, skal betalast ut etter at reknskapet for 2016 er avslutta. Det er pengar som i så fall går til Nils Gunnar Hjellegjerde.

Gode takter

Om det blir utbetaling eller ei av 150 millionar ekstra kjem an på lønsemda frå IMG-bedriftene.
Konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i Ekornes vil ikkje opplyse kor god lønsemd IMG-bedriftene må ha for å utløyse ekstrabetalinga, men seier resultatet så langt er lovande for Hjellegjerde.
- Held det fram på same viset framover så vil han få utbetalt dette, seier Holst.

Tok fram tigeren

Etter maktkampar og svake resultat slutta Nils Gunnar Hjellegjerde i møbelprodusenten Hjellegjerde i 2001. Han busette seg i Thailand og tok eit eitt-års engasjement for Hjellegjerde ASA, som fabrikksjef for Hjellegjerde sin produksjon i Thailand, ein fabrikk han sjølv hadde fått i drift.
- Det var på ein måte litt min baby, sa han til NETT NO i desember 2014.
Det eine året blei til det andre. Heilt fram til 2006, då sjansen til å kjøpe det som i dag er blitt til IMG (Internasjonalt Møbel Gruppe) baud seg.

Fram med tigeren

Nils Gunnar Hjellegjerde hadde i grunnen det greit som det var. Han og kjærasten hadde gifta seg, og livet var komfortabelt. Kanskje litt for komfortabelt? Nils Gunnar rådførde seg med faren, Oddvar Hjellegjerde.
Skulle han satse på å å bygge opp si eiga bedrift, eller ei?
- Eg trur du må fram tigeren i deg, var svaret.

Tre fabrikkar

Nils Gunnar Hjellegjerde la rundt fem millionar kroner på bordet for å få hand om det som i dag er IMG-systemet. Pengane kom fra salet av Hjellegjerde-aksjar etter at han gjekk av.
- Eg tok all kapitalen eg hadde og investerte, seier Hjellegjerde.
I starten var det berre snakk om ein fabrikk i Bangkok i Thailand. No skjer rundt to tredjedeler av produksjonen i to fabrikkar i ein industripark ved Ho Chi Minh-byen.

Inkasserer belønninga

No inkasserer Hjellegjerde belønninga for å ha fylgd rådet frå faren og ligg altså an til å få ekstra uttelling etter 2016.
I fjor haust brukte Hjellegjerde 46 millionar kroner til å kjøpe aksjar i Ekornes. Han er blitt den 15. største eigaren i sin gamle konkurrent, og aksjane er no verdt ti millionar kroner meir enn han betalte i fjor.
Held det fram på same viset framover så vil han få utbetalt dette

Publisert: 19.02.2015 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41