– Ho tør å utfordre Tore og meg
Gunvor Ulstein om kvifor ho sluttar som konsernsjef i Ulstein Group – og kvifor valet falt på etterfølgjaren.
Tysdag blei det kjent at Gunvor Ulstein sluttar som konsernsjef i familiekonsernet ho har leia i 22 år.
Då NETT NO møter ho og etterfølgjaren Cathrine Kristiseter Marti kort tid etter nyheita blei kjent, fortel Ulstein at den viktigaste grunnen til ho sluttar er at ho vil ha meir tid til å jobbe med strategien for konsernet.
– Det å hente ut alle verktøya frå verktøykassa har vore viktig. Då har vi sett at utfordringane og kompleksiteten i den operasjonelle drifta - saman med eigarrollene våre, har vore vanskeleg å kombinere, fortel Ulstein.
Les også: Gunvor Ulstein går av som konsernsjef
Skal jobbe meir langsiktig
Gunvor Ulstein avviser kontant at det har vore eit krav frå nokon, som gjer at ho og broren på kort tid har gått ut av den operative drifta. Familien har heller ingen planar om å selje seg ut på noko vis.
Skiftet har vore planlagd i lenge tid, slik det også var då faren Idar Ulstein, let Gunvor og Tore ta over styringa for meir enn 20 år sidan.
Gunvor meiner grepet dei gjer er «utruleg viktig» og gir rom for at søskena kan konsentrere seg meir om dei langsiktige linjene.
– Det har vore hundre prosent sjølvvalt. Det vi skal gjere framover no, er å tenkje kvar Ulstein vere om tre, fem og ti år fram i tid. Det er krevjande tider, men vi har tenkt til å ta Ulstein gjennom dette, legg ho til.
– Har jobba godt i lag i seks år
At valet som etterfølgjar falt på Cathrine Kristiseter Marti var naturleg, ifølgje den avtroppande konsernsjefen. Ho viser til at Marti som finansdirektør har vore heilt sentral i arbeidet som har vore gjort dei siste åra – og som har sørga for at familien framleis har full kontroll over skipsbyggjarkonsernet.
– Vi har jobba godt i lag i seks år – og har Cathrine éin eigenskap som er veldig bra – ho tør å utfordre Tore og meg, seier Gunvor Ulstein.
Ho påpeiker at det trengst meiningsbrytning i ei leiing for at selskapet skal utvikle seg og lande på dei beste løysingane. Ho er trygg på at dei no har gode leiarar på plass i alle posisjonar, og at den påtroppande konsernsjefen er rett person til å «sy ting saman» med finansinstitusjonar og bankar.
– Der har Cathrine gode evner. Det er store prosjekt som skal finansierast, og det er utruleg viktig å forstå dynamikken i denne marknaden, seier Gunvor Ulstein.
«Betydeleg betre» drift i år
45-årige Marti er vaksen opp i Åndalsnes, men flytta derifrå som 18-åring. Ho har jobba heile sitt yrkesaktive liv i den maritime næringa og har ein master i økonomi. Mellom anna har ho jobba i Höegh Autoliners og DnB Shipping & Offshore før ho flytta til Ulstein med familien.
- Kompetansen eg har på finans er sjølvsagt viktig, også er eg tydeleg og strukturert. Eg legg ikkje fingrane i mellom, men seier ting som dei er. Det opplever eg fungerer godt her på Sunnmøre, fortel ho til NETT NO.
Dei stadfestar at det framleis er eit håp om at konsernet kan ende 2020 med eit overskott på drifta, sjølv om koronapandemien var eit stygt skot for baugen.
– Det ser betydeleg betre ut enn det gjorde i fjor, seier Marti, men påpeiker at sjølv om dei har nokre gode prosjekt for tida, så treng dei framleis nye kontraktar.
– Vil uansett vere ei familiebedrift
Verken Gunvor eller Tore Ulstein sine barn er så gamle at det er aktuelt å snakke om å ta over, sjølv om Gunvor påpeiker i halvt alvor at Tore si eldste dotter er i Sjøforsvaret, noko ho meiner lovar bra.
– Vi vil uansett vere ei familiebedrift. Ulsmo (der Gunvor Ulstein er styreleiar, journ. anm.) er majoritetseigar. Vi har også resten av Ulstein-familien, i tillegg til andre små og store aksjonærar, seier ho.
Sjølv om situasjonen kan sjå vanskeleg for augneblinken, er ho overtydd at konsernet har det som skal til for å kome gjennom krisa.
Flyttar ut av kontoret
Den avtroppande konsernsjefen har ikkje tenkt til å bli nokon «sjuande far i huset», som legg seg oppi arbeidskvardagen til den nye leiaren av konsernet.
– Faderen var også klar på det viset. Vi var samde om vegen vidare, så var det opp til oss å løyse det. Cathrine er annleis enn meg, men har sine klare styrker og vi har stor tillit til ho. Og vil vi uansett sitte i de ulike styra, seier Gunvor.
Ho har planar om å flytte ut av kontoret ved hovudkvarteret til Ulstein Group og ha sitt daglege virke i Ulsmo sitt lokale ved kjøpesenteret Blåhuset.
– Det er både for å få avstand – også kan eg sitte og sjå ut hit, avsluttar ho.
Les også: Gunvor Ulstein går av som konsernsjef
Håpar framleis på pluss i 2020
Sjette året med minus for Ulstein Verft
Ulstein Design & Solutions i pluss etter tre minusår
Tore Ulstein: – Det har vore fem-seks intense år
Eg legg ikkje fingrane i mellom, men seier ting som dei er. Det opplever eg fungerer godt her på Sunnmøre
Publisert: 13.10.2020 18:39
Sist oppdatert: 02.09.2021 13:54