- Eg gler meg til å ta fatt på dette arbeidet og ser fram til å vere ein bidragsytar saman med mange andre, dyktige optimistar som vil bygge Herøy-samfunnet endå sterkare og større, seier Flusund i ei pressemelding.
Merethe Hjertø Flusund kjem frå stillinga som administrasjonssjef i reiarlaget Remøy Management, der ho har vore sidan 2013.
Yrkesbakgrunnen hennar er i hovudsak frå personal- og kvalitetssikringsarbeid i maritimt næringsliv i regionen i tillegg til at ho har erfaring frå konsulentverksemd og bemanningsbransjen. Ho har dermed eit stort næringslivsnettverk å byggje vidare på.
Havlandet AS er eigd av Herøy næringsforum med 60 prosent av aksjane og Herøy kommune med 40 prosent. Selskapet skal styrke bedriftene i kommunen og påverke til vidare vekst og utvikling. I tillegg til Merethe Hjertø Flusund som næringslivssjef skal også ein reiselivsutviklar skal tilsetjast i nær framtid.
- Vi har fått på plass ein samlande og strukturert gjennomførar med god kjennskap både til næringslivet og det offentlege, og vi har trua på at Merethe Hjertø Flusund vert ein dyktig og drivande katalysator for samarbeid og utvikling.
Styret i Havlandet takkar også kommunen for godt samarbeid i oppstartsfasen og ser fram til vidare samarbeid.
- Eg vil legge vekt på å skape faste møteplassar for næringsdrivande i kommunen og knyte gode kontakter for å vere eit støttande bindeledd mellom næringslivsaktørar, kommunen og verkemiddelapparatet. I tillegg vil satsingsområda i kommunedelplanen for strategisk næringsutvikling også vere eit viktig styringsverktøy.
Det vert opplyst at Herøy satsar no på oppleving og reiseliv som ei næring med stort potensial. Hjertø Flusund seier at å skape eit godt samarbeid mellom aktørane i heile regionen vil vere viktig i dette arbeidet.
Ho seier her er mange små og mellomstore bedrifter som har stått litt i skuggen av dei store aktørane, og at ein vil få desse fram i lyset og gjerne skape ein arena der dei veletablerte og større bedriftene kan dele sine erfaringar.
- For alle har vore små og nye ein gong. Det er viktig å ta med seg i samarbeidet, både for dei ferske og dei veletablerte.
- Vi skal gjere kvarandre gode og møte dei som torer å satse med rausheit og oppmuntring. Med på vegen skal dei få rådgjeving og støtte frå Havlandet og våre samarbeidspartnarar-
Merethe Hjertø Flusund kjem frå stillinga som administrasjonssjef i reiarlaget Remøy Management, der ho har vore sidan 2013.
Yrkesbakgrunnen hennar er i hovudsak frå personal- og kvalitetssikringsarbeid i maritimt næringsliv i regionen i tillegg til at ho har erfaring frå konsulentverksemd og bemanningsbransjen. Ho har dermed eit stort næringslivsnettverk å byggje vidare på.
Samarbeid kommune og næringsforum
Hjertø Flusund har også politisk erfaring og kjenner det det frivillige arbeidet i kommunen gjennom ulike verv. Flusund har utdanning frå Handelshøyskolen BI der relevante fag som marknadsføring, bedriftsøkonomi, kommunikasjon og leiing kjem godt med i den nye stillinga.Havlandet AS er eigd av Herøy næringsforum med 60 prosent av aksjane og Herøy kommune med 40 prosent. Selskapet skal styrke bedriftene i kommunen og påverke til vidare vekst og utvikling. I tillegg til Merethe Hjertø Flusund som næringslivssjef skal også ein reiselivsutviklar skal tilsetjast i nær framtid.
- Katalysator for samarbeid og utvikling
Styreleiar i Havlandet, Torill Myren, seier i pressemeldinga at ho er glad for at dagleg leiar no er på plass og at ein snart kan få gå i gang med arbeidet med å vere ein pådrivar for utvikling av lokalsamfunnet.- Vi har fått på plass ein samlande og strukturert gjennomførar med god kjennskap både til næringslivet og det offentlege, og vi har trua på at Merethe Hjertø Flusund vert ein dyktig og drivande katalysator for samarbeid og utvikling.
Styret i Havlandet takkar også kommunen for godt samarbeid i oppstartsfasen og ser fram til vidare samarbeid.
Faste møteplassar
Merethe Hjertø Flusund sier at ho gler seg til å ta fatt på oppgåvene.- Eg vil legge vekt på å skape faste møteplassar for næringsdrivande i kommunen og knyte gode kontakter for å vere eit støttande bindeledd mellom næringslivsaktørar, kommunen og verkemiddelapparatet. I tillegg vil satsingsområda i kommunedelplanen for strategisk næringsutvikling også vere eit viktig styringsverktøy.
Det vert opplyst at Herøy satsar no på oppleving og reiseliv som ei næring med stort potensial. Hjertø Flusund seier at å skape eit godt samarbeid mellom aktørane i heile regionen vil vere viktig i dette arbeidet.
Vil få fleire fram i lyset
I tillegg til å få på plass reiselivsutviklar, er noko av det første næringslivsjefen vil ta fatt på å få oversikt over kva som finst av små og store bedrifter i alle delar av kommunen.Ho seier her er mange små og mellomstore bedrifter som har stått litt i skuggen av dei store aktørane, og at ein vil få desse fram i lyset og gjerne skape ein arena der dei veletablerte og større bedriftene kan dele sine erfaringar.
- For alle har vore små og nye ein gong. Det er viktig å ta med seg i samarbeidet, både for dei ferske og dei veletablerte.
- Vi skal gjere kvarandre gode og møte dei som torer å satse med rausheit og oppmuntring. Med på vegen skal dei få rådgjeving og støtte frå Havlandet og våre samarbeidspartnarar-
Vi skal gjere kvarandre gode og møte dei som torer å satse med rausheit og oppmuntring
Publisert: 17.03.2020 21:52
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43