Nytt
Hofseth Biocare-avtale med Nestlé-selskap
Intensjonsavtale om sal av Hofseth Biocare-produkt i USA.
24.06.2019
Blir avtalen bindande skal Nestlé-selskapet Garden of Life stå for salet av Hofseth Biocare-produkta i USA.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restavfall for oppdrettsfisk, og lagar ulike typar produkt - mellom anna helsekostprodukt - basert på fiskebein, protein og fiskeolje.
Før avtalen blir bindande skal Hofseth-produkta gjennom ein test, og for at Garden of Life skal behalde eineretten til sal i USA må selskapet må visse salsmål. Kor stort salet må vere er ikkje opplyst i børsmeldinga.
Målet er å vere ferdig med testperioden i 2019 og lansere produkta i den amerikanske marknaden i 2020.
Med dagens produktmiks må Hofseth Biocare ha rundt tre gangar større inntekter for å gå i balanse. Målet er ein produktmiks som gir pluss lenge før.
Får Hofseth det som han vil kjem salsauken framover til å vere størst der selskapet er minst i dag, på proteinprodukt og spesielt for produkt som er retta mot folk. Slår forventningane til vil selskapet få ein produktmiks som gir overskot tidlegare enn dagens produktmiks kan gi.
Den kursen verdset selskapet til 767 millionar kroner.
Hofseth Biocare vidareforedlar avskjær og restavfall for oppdrettsfisk, og lagar ulike typar produkt - mellom anna helsekostprodukt - basert på fiskebein, protein og fiskeolje.
Samarbeid
I dag har selskapet offentleggjort ein intensjonsavtale om at Garden of Life og Hofseth Biocare skal samarbeide om markandsføring og utvikling av Hofseth Biocare sine helsekostprodukt, samt at Garden of Life får einerett på sal av Hofseth Biocare-produkt i USA.Før avtalen blir bindande skal Hofseth-produkta gjennom ein test, og for at Garden of Life skal behalde eineretten til sal i USA må selskapet må visse salsmål. Kor stort salet må vere er ikkje opplyst i børsmeldinga.
Målet er å vere ferdig med testperioden i 2019 og lansere produkta i den amerikanske marknaden i 2020.
Meir helsekost
Intensjonsavtalen selskapet har offentleggjort i dag samsvarar med kva Roger Hofseth sa då Hofseth Biocare la fram 1.kvartalstap 15. mai i år.Med dagens produktmiks må Hofseth Biocare ha rundt tre gangar større inntekter for å gå i balanse. Målet er ein produktmiks som gir pluss lenge før.
Får Hofseth det som han vil kjem salsauken framover til å vere størst der selskapet er minst i dag, på proteinprodukt og spesielt for produkt som er retta mot folk. Slår forventningane til vil selskapet få ein produktmiks som gir overskot tidlegare enn dagens produktmiks kan gi.
Børshopp
Ved børsopning i dag steig aksjekursen i Hofseth Biocare. Klokka 9:22 var kursen opp 6,12 prosent, til 2,60 kroner pr. aksje.Den kursen verdset selskapet til 767 millionar kroner.
Publisert: 24.06.2019 09:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36