Hofseth har parkert flyfrakten
I 2019 kom rundt 50 prosent av eksportinntektene til Roger Hofset frå fisk som blei frakta med fly. No er andelen 3,1 prosent.
Omlegging frå å frakte fersk fisk med fly til å frakte ferdig bearbeidd forbrukerpakka frosen fisk med skip, starta i 2019.
Omlegginga erstatta filetprodukt som før blei sende ferske og nedkjølt - men ikke frosne - med fly.
Les også
Vil bygge anlegg i USA
Flyfrakt er den store CO2-utsleppskjelda frå oppdrett av laks og aure, og no vil Hofseth ta enda eit steg for å erstatte flyfrakt med skip, fortalde han på Sparebank 1 SMN sin næringslivskonferansen, Næringsdriv, i dag.
I første omgang er planen å bygge eitt anlegg for tining av fisk i USA. Prisen blir mellom 60 og 80 millionar kroner, seier Hofseth.
Kvar anlegget skal ligge, men Hofseth seier austkysten av USA er den mest sannsynleg staden for første anlegg.
Anlegg over heile verda
Med omlag 15 anlegg har han nok til å dekke heile den amerikanske marknaden, etter Hofseth si vurdering.
Målet er å få slike anlegg over heile verda, og at også andre fiskeeksportørar tek i bruk anlegga i staden for å sende fisk med fly.
Publisert: 13.06.2024 14:57
Sist oppdatert: 13.06.2024 15:02