Hofseth inn i Tango Seaweed
TAREDYRKING: Annelise Chapman leiar Herøy-selskapet som har fått inn Roger Hofseh (innfelt) som ny aksjonær - og flyttar til Sande. 
Nytt

Hofseth inn i Tango Seaweed

Nye aksjonærar for taredyrkarane - som også er på flyttefot til ei anna kommune. 

18.11.2020
Tango Seaweed har fått inn Hofseth Aqua-eigar Roger Hofseth som investor, med ein aksjepost på 10,2 prosent, melder .
Samtidig er Herøy-selskapet på flyttefot til nye lokalar i Haugsbygda i Sande. Selskapet Proas som tidlegare heldt til i lokala, har sjølv flytta til Herøy.

Nyttar to av 16 hektar

Annelise Chapman som leiar taredyrkarselskapet og Lovise Otterlei, eig begge 18,9 prosent. Chapman fortel til avisa at dei per i dag nyttar to av 16 hektar på «dyrkingsfeltet» på Skarveskjeret, og at dei har tredobla produksjonen.
– Vi skundar oss langsamt. Det må også skapast ein marknad, og vi må jobbe trygt med den veksten vi har sidan det dreier seg om nyutvikling, fortel ho til avisa.
Sveitsiske Equity Partners eig 9,49 prosent, tyske Selina Stihl 8,2 prosent, tyske We come from the sea 5,3 prosent, i tillegg til Selstad AS med 4,9 prosent og ÅKP med 3,9 prosent av aksjane.

Årets oppstartsbedrift i fjor

Herøy-selskapet satser på å dyrke og videreforedle tang og tare. I fjor blei Tango Seaweed tildelt prisen som årets industrielle oppstartsbedrift på industridesignkonfernansen på Giske. Same år henta dei inn 4,1 millioner kroner i ny eigenkapital.
Fleire forskingsarbeider viser stort potensiale for tare. Tidlegare i år kom ein som slo fast at den har mange av de samme bruksområdane som soya og olje. Dessutan kan tare brukes til å fange CO2.

Les også:




Publisert: 18.11.2020 11:19

Sist oppdatert: 03.03.2021 11:45