Hofseth lovar fleire produktlanseringar i aar
TEST I MARS: Den utvida fabrikken til Hofseth Biocare er ei investering på 130 millionar kroner. I første veka i mars håpar Hofseth Biocare-sjef og primus motor, Roger Hofseth (innfelt), at anlegget kan gjennomføre ein testproduksjon. Karl Inge Slotsvik er driftsdirektør i selskapet.
Nytt

Hofseth lovar fleire produktlanseringar i år

- Det er mange som kjem til å lansere produkt i år, seier Roger Hofseth produktlanseringsplanane til Hofseth Biocare-kundane i 2021.

05.02.2021

Børsnoterte Hofseth Biocare i Ålesund vidareforedlar olje, protein og kalsium som er basert på restråstoff og avskjær frå oppdrettsnæringa. Dei siste åra har selskapet auka forsking og produktutvikling for å vinne større innpass i helsekost-marknaden og også farmasi-marknaden.

Det har kosta, som også tal for 2020 viser (sjå tabell), men i år vil selskapet ta eit langt steg mot vekst og lønsemd, ifølgje Roger Hofseth. Han er dagleg leiar og stor aksjonær.


I løpet av 2020 har både amerikanske og canadiske styresmakter godkjent at helseargument kan brukast i sal av Hofseth Biocare-produkt og selskapet er i gang med testing av om Hofseth Biocare-produkt kan brukast mot koronasjukdom.


Ventar på Midsund

Det Nestle-eigde selskapet Garden of Life signerte i 2019 ein intensjonsavtale med Hofseth Biocare om utvikle og distribuere helsekostprodukt i USA med ingrediensar frå Hofseth Biocare.

Den avtalen sende aksjekursen rett opp, og kursen har halde seg høg sidan. Hofseth Biocare er verdsett til 3,3 milliardar kroner på børsen.


I kvartalsrapporten for 4. kvartal seier ein Garden of Life-representant at selskapet ser fram til å presentere produkta som er utvikla og at lansering vil kunne skje takka vere utvidinga som Hofseth Biocare har gjort på anlegget sitt i Midsund. Det anlegget vonar Roger Hofseth kan gjennomføre ein test i første veka i mars.


Publisert: 05.02.2021 10:41

Sist oppdatert: 21.05.2021 11:44