Hofseth Biocare konsentrerer produksjonen om anlegget i Midsund, oppgraderer dette anlegget og vil leige vekk produksjonslokala selskapet har hatt på Berkåk.
Dette opplyser selskapet i ei børsmelding i samband med at selskapet har hyrt inn SpareBank 1 Markets for å hente 120-140 millionar kroner gjennom ein retta emisjon.
Selskapet opplyser at det er auka etterspørsel etter produkta, og ein vil mellom anna investere 40 millionar kroner på utviding av kapasiteten i Midsund i løpet av andre halvår i år.
Resten av kapitalen skal nyttast til arbeidskapital og generelle selskapsformål.
Minimumssummen for teikning i den retta emisjonen er sett til 100.000 Euro.
Etter at den retta emisjonen er gjennomført, vil det vere ein reparasjonsemisjon til eksisterande aksjonærar på inntil 20 millionar kroner.
Selskapet produserer olje-, protein og kalsiumprodukt som blir seld i helsekost- og fôrmarknaden. produksjonen er basert på lakse- og ørretavskjer frå oppdrettsxnæringa, og i første kvartal produserte ein 1092 tonn ferdige produkt av totalt 2662 tonn lakse- og ørretavskjer.
Inntektene kom opp i 14,8 millionar kroner, medan resltatet før skatt vart minus 22,2 millionar kroner.
Dette opplyser selskapet i ei børsmelding i samband med at selskapet har hyrt inn SpareBank 1 Markets for å hente 120-140 millionar kroner gjennom ein retta emisjon.
Auka etterspørsel
Emisjonen er eit resultat av at at selskapet planlegg å effektivisere og auke produksjonen i Midsund, mellom anna ved innkjøp av nytt produksjonsutstyr.Selskapet opplyser at det er auka etterspørsel etter produkta, og ein vil mellom anna investere 40 millionar kroner på utviding av kapasiteten i Midsund i løpet av andre halvår i år.
Resten av kapitalen skal nyttast til arbeidskapital og generelle selskapsformål.
Stor interesse
Noteringskursen er sett til 2,25 kroner per aksje og ei rekkje sentrale investorar har alt forplikta seg til ei minimumsteikning på 120,4 millionar kroner, inkludert konvertering av gjeld på cirka 65,8 millionar.Minimumssummen for teikning i den retta emisjonen er sett til 100.000 Euro.
Etter at den retta emisjonen er gjennomført, vil det vere ein reparasjonsemisjon til eksisterande aksjonærar på inntil 20 millionar kroner.
Selskapet produserer olje-, protein og kalsiumprodukt som blir seld i helsekost- og fôrmarknaden. produksjonen er basert på lakse- og ørretavskjer frå oppdrettsxnæringa, og i første kvartal produserte ein 1092 tonn ferdige produkt av totalt 2662 tonn lakse- og ørretavskjer.
Inntektene kom opp i 14,8 millionar kroner, medan resltatet før skatt vart minus 22,2 millionar kroner.
Publisert: 20.06.2018 08:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23