Sunnmøre tingrett foto ogne
VAR IKKJE KLIENT: Selskapet som eigde skadd kai på Valderøya var ikkje klienten til advokatane som skulle ta seg av erstatningskravet. Dermed er heller ikkje ansvarsgrunnlag for å kreve at advoktane må betale for at erstatningskravet gjekk tapt, meiner retten. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hofseth-selskap tapte i retten

Gjekk til sak mot advokaten.

23.02.2022

Ja Invest (tidlegare Advocator Advokatfirma), advokat Kristine Grønbech Rolland Devold og W.r. Berkley Insurance Nordic er frifunne frå eit erstatningskrav frå Seafood Farmers of Norway.

Seafood Farmers of Norway er eigd av Hofseth International og driv vidareforedling av oppdrettslaks og -aure. Roger Hofseth er største aksjonær i Hofseth International.

Saka starta med ein båt som kolliderte og skada kaia ved Seafood Farmers of Norway sitt anlegg på Valderøya i januar 2017.

Fiskeforedlingselskapet Seafood Farmers of Norway meiner dei tre saksøkte i fellesskap er erstatningsansvarlege for dårleg advokatarbeid, etter at kravet mot reiarlaget som eig fartøyet gjekk tapt.

Må betale attende
Dommen i Møre tingrett frifinn dei saksøkte.

Seafood Farmers of Norway må også betale motparten sine sakskostnadar på 511.617 kroner og betale attende 400.000 kroner som vart utbetalt frå W.r. Berkley Insurance Nordic etter at dei saksøkte erkjente erstatningsplikt.

Årsaka til at Seafood Farmers of Norway tapte saka er at korkje Seafood Farmers of Norway eller Hofseth International eigde kaia som vart skadd, ifølgje dommen.

Det gjorde selskapet Hofseth Property, som ikkje var advokaten sin klient og som advokaten i følgje dommen heller ikkje visste om før saka vart tatt til retten. Seafood Farmers of Norway og Hofseth International meiner at også Hofseth Property må reknast som klient i denne saka, men det er retten ikkje samd i.

Ikkje ansvarsgrunnlag
"Det sentrale spørsmålet er såleis om det var kvalifisert klanderverdig at Advocator ikkje
undersøkte kven som faktisk var eigar av kaia, og avdekte at det var Hofseth Property." heiter det i dommen.

Konklusjonen går i Seafod Farmers of Norway/Hofseth International sin disfavør:

"Etter ei samla vurdering er retten sin konklusjon at Advocator og advokat Devold ikkje
handla kvalifisert klanderverdig ved ikkje å undersøke eigartilhøva til kaia. Etter dette ligg
det ikkje føre ansvarsgrunnlag for det påståtte erstatningskravet frå Hofseth Property, og
dei saksøkte vert å frifinne."

Den konklusjonen leier også til at dommen konkluderer med at Seafood Farmers må betale attende dei 400.000 kronene som blei utbetalt frå advokatane sitt forsikringselskap.

Sunnmørsposten skreiv om denne dommen først.

Publisert: 23.02.2022 14:50

Sist oppdatert: 23.02.2022 14:58